torsdag 22. oktober 2009

Blogging - Framhald

I dag har eg lese om 1. web 2.0 på wikipedia..
2. Blogging på wikipedia.
Strevar framleis med etikettar og lenker. Har gått inn på "Innstillinger" og sett på alle funksjoner, men får det likevel ikkje til i praksis. Hilde har også gitt meg ei god forklaring,men noko stoppar opp for meg. Klarer ikkje å plassere ting på rett plass.
I dag er eg litt oppgitt. Må søkje kyndig hjelp i morgon.
Det eg har arbeidd med denne veka er å skrive nye innlegg , legge inn bilde, skrive kommentarer til forskjellige bloggar, knyte meg på som "følgar" her og der. Synes eg har fått til dette.
Las også ei spalte i Smp. i går om blogging:"Bra fra bloggverdenen".2009 har vorte "bloggernes år" står det og blogg.no registrerer omtrent 1400 nye bloggar pr. dag. Også henvist til nokre bloggar det er verdt å få med seg, mellom anna "kvitter.blogg.no" - på nynorsk.
Status for meg er at eg meiner å ha forstått kva ein blogg er og og kva web 2.0 er: eit begrep som vert brukt om ulike teknologiar på internett, , brukarane av dei ulike tenestene vert lenka.kan kommunisere , at det er brukaren som skaper innhaldet og deler og samarbeider med dei andre brukarane osv.
Men eg treng altså hjelp til etiketter og lenker - til å få dei inn på min blogg. Det same gjeld RSS - forstår kva det er men ikkje korleis eg skal installere det.
Trøystar meg med at eg kan meir denne onsdagen enn førre onsdag.

5 kommentarer:

  1. Hei Birgit
    Etikettar finn du under "gadgets". Desse finn du når du først gå inn på "tilpass" og vidare på "utforming". Helsing Heidi

    SvarSlett
  2. Hei Birgitt! Eg svarer på mailen din her: Dette er ei flott oppsummering av arbeidet ditt så langt! Bloggen skal du putle litt med gjennom heile kurset, og om du tek deg ein tur til Tove og dei, så vil du få hjelp til å få på plass dette med etikettar og lenker. Du skjønar det lettare når du ser korleis det skal gjerast. Ting 1 og 2 er no skrive inn i framdriftssjemaet, og du kan berre gå igang med RSS. Gratulerer!

    Framgangsmåte: Start med å abonnere feedane til Google Leser. (Du har jo allereie ein google-konto og det er lurt å utforske muligheitene der.) Øvst til venstre når du er inne i e-postprogrammet ditt står det: "Gmail" "Kalender" "Dokumenter" "Leser" "Nett" mer ▼ ... Klikk på ”Leser” og du kjem inn på et nytt område av kontoen din. Det er hit du skal gå for å lese det du abonnerer på. Klikk på ”Legg til abonnement” (står oppe i venstre hjørne), legg inn adressa til det du vil abonnere på i feltet som dukkar opp (start gjerne med å legge til diskusjonsbloggen http://23ting-diskusjonar.blogspot.com). Klikk på ”Legg til”, og vips kjem tittelen på bloggen opp litt lenger ned under ”Abonnementer”, og det du har vald å abonnere på kjem opp sentralt på sida. Oppe på den sida finner du valet ”Innmatingsinnstillinger” og der kan du lage mapper under ”Abonnementer”, slik at du kan få ei sortert oversikt dersom du abonnerer på fleire ulike typar blogger/nyheiter (Eg har kategoriar som Hundebloggar, Strikkebloggar, Bibliotek osv) Nye mapper lager du ved å klikke på ”Ny mappe” under ”Innmatingsinnstillinger”, og gjer den eit namn.

    Det var ein måte. Du kan og gå direkte til den bloggen du ønskjer å følgje. Sjå etter "Abonner på: Innlegg (Atom)" (står gjerne langt nede på hovedsida, under alle innlegga) eller "Abonner på" med rss-logoen. Klikk på ein av desse, og du skal få opp eit val om kvar du vil sende feedane. Du skal velje ”Add to Google”. Så kan gå tilbake til Google Leser for å redigere ”innmatinga” i mapper.

    Håper dette hjelpte litt?

    Lukke til!

    SvarSlett
  3. Eg er imponert Birgit over alt du har fått til allereie! Sjølv har eg ikkje kome i gong før i dag. Eg skal prøve å ta igjen litt i løpet av dagen.

    SvarSlett
  4. Kva? Er Smp. Sunnmørsposten? Og er kvitter.blogg.no verkeleg omtala? O:

    SvarSlett
  5. Smp. er Sunnmørsposten. "kvitter.blogg.no er nemnt som ein blogg det er verdt å få med seg.
    Meiner det var onsdag 21/10

    SvarSlett