torsdag 26. november 2009

Ting 10: Musikk





Las gjennom kursbloggen og det som stod på "23tingdiskusjonar"


Last.fm er en internettradio og musikknettstad. Ved å bruke eit "musikkforslagssystem" - system som brukast for å anbefale musikk for brukaren basert på kva ein har høyrt tidlegare. - "autoscrobbler"(Wikipedia), kan Last.fm bygge ein detaljert profil av musikksmaken til kvar brukar.Det er enkelt å gå på oppdagingsferd og finne andre med same musikksmak. På Last.fm kan ein melde seg inn i ulike grupper, tagge sine favorittar osv. Det er enkelt å lytte til kvarandre sine radiostasjonar. Klikka meg inn på ulike faner og prøvde å sjekke ut Last.fm, men eg gjorde ikkje noko meir med det sidan det vart betalingsteneste for dei som bur utanfor USA, Storbritannia og Tyskland frå april 2009.Royalties og copyright set begrensingar for slike gratis internett-tenester. Det gjeld også Pandora ( grunna lisensavtaler kan denne nettstaden nyttast berre utanfor USA).

Spotify er ein nettstad for streaming av musikk, men her må ein ha invitasjon frå andre for å registrere seg.


Var innom MySpace også og oppretta ein konto .
Søkte på Vassendgutane (under videofana), fann ein video som eg prøvde å få inn på bloggen min, men det klarte eg ikkje.
.

Finetune
har eg også utforska litt. Det er eit gratis alternativ til Last.fm ogt fungerer nesten på same måte. Her kan ein høyre musikk som "stream", men ikkje laste ned. Høyrde på smakebitar av Hanne Boel m..a. kan høyre berre 30 sek.av kvar låt. Ein kan søkje på artistar, taggar, album m.m.

Dette med musikk har eg ikkje lagt sjela mi i. Har sett på og sjekka ut litt her og der og ser at ein kan få anbefalt musikk, finne artistar og finne deira konsertplanar , dele sine musikkinteresser på ulike venestader(Facebook og Twitter) osv.Føler at dette er noko eg ikkje kjem til å bruke.

Har nok med å høyre musikk på"gamlemåten "- CD og vanleg radio.

Desse nettstadane er sikkert fine å bruke på musikkbibliotek eller større musikkavdelingar, men tvilar på at dette vert brukt i Ørsta i mi tid. Der vil eg nok vere til hinder for utviklinga.




























































































1 kommentar:

  1. La inn forslag til ein betre musikknettstad på diskusjonsbloggen i dag - http://www.mixpod.com/ Her kan ein også utforme sin eigen "spelar" som ein kan leggje ut på bloggen sin. Sjå Fride sin blogg: http://fridesiden.blogspot.com/

    Men du har gjort meir enn god nok jobb her, så du treng ikkje gå inn på Mixpod - Ting 10 er i boks!

    Hilde

    SvarSlett