onsdag 30. desember 2009

Ting 21: Web 2.0 Awards


Her var det mykje nytt. Synes eg har lært og vore bort i mykje i løpet av dette kurset, men det fører berre til at eg ser kor mykje meir eg har å lære. Tok oppdagingsturen på Web 2.0 Awards.
Her var det 41 kategoriar å velje i, så her måtte eg gjere eit utval.
Ser at det er fem punkt som inngår i vurderinga: Brukarvennligheit, nytte, sosiale aspekt, brukargrensesnitt og design samt kvaliteten av innhaldet.
Eg synes ikkje eg kan svare på om det er rett ting som har vunne. Eg har for lita erfaring til å bedømme det, men kan sjå om det er noko av det eg liker eller kjenner til som står på lista.
Eg såg på Award-kategoriane:Bookmarking, Books, Genealogy, Photos and Digital Images, Video, News and blogg Guides og Collaborate Writing and Word Processing m.m
Gjekk innpå vinnarlista http://www.seomoz.org/web.20/short:

Bookmarking: Del.icio.us fekk førsteplassen her. Det kan eg vere einig i utifrå at eg sjølv likte det godt.Stumble Upon fekk andreplassen. Eg likte også denne godt og ser at trass i 2.plassen får den 5 stjerner i brukarvennligheit og brukargrensesnittog design - Deli.cio.us får her 4 stjerner, men Del.icio.us skåra høgare på nytte, sosiale aspekt og kvalitet på innhald.

Bøker: Her såg lista slik ut:1.Lulu, 2. Biblio.com og 3. VuFind. Kjende ikkje til nokon av desse, men eg vil sjå nærare på Vufind sidan den var spesielt utforma for bibliotek.

Slektsforsking: Såg på det sidan vi har ein del lånarar som er interessert i det og då kan det vere greitt i allefall å vite kva dei snakkar om eller kunne tipse dei som ikkje veit om det.
1. MyHeritage - det leiande familenettverket på internett, men eg kan ikkje bedømme det.
2. Geni - gratis, privat forum for medlemmane til å lage eit familietre og slektshistorie. Trur eg vil sjå nærare på dette.
Bilder og digitale bilder:1. Flickr - sjølvsagt. Har ei stor samling bilde. Eg likte det veldig godt. Det kjem eg til å bruke i biblioteksamanheng, Mine personlige bilde vil eg ha for meg sjølv. Er sikkert gamaldags, men har litt motvilje mot å legge dei ut på nettet.
2. Picnic - online fotoeditor med mange artige funksjonar - kan bruke det til å redigere og forbetre bilde på datamaskinen. Fall også i min smak.

Video: 1. plass YouTube - verdas beste samling av videoar på nettet står det. Her er opptak av nær sagt alt. Kan laste opp eigne videoar eller velje frå den enorme samlinga og legge inn videoar på eiga nettside eller blogg. YouTube hadde eg verkelge sansen for.

News og blogg Guides:1. plass Google. Ser at den skårar mest på brukarvennlegheit, brukargrensesnitt og design, ingenting på sosiale aspekt.
2.Bloglines - den skårar mest på nytte og kvalitet på innhald.

Tilslutt såg eg på Collaborate Writing and Word Processing: Google docs
kom her nr. 1 , nr. 2 vart ABC Writeboard og Think Free nr. 3. Dei to siste kjenner eg ikkje til i det heile tatt.
Klarte ikkje å stoppe likevel, så eg såg på Social nettworking: Her kom Twitter framfor Facebook. Veit ikkje kva som ligg bak vurderinga, men Faceboook og Twitter har vel litt ulike funksjonar slik at dei ikkje er heilt samanliknbare. (utifrå det eg har lese) Har registrert meg på Facebook (utruleg, hadde ikkje skjedd utan dette kurset) Twitter har eg aldri brukt.
Såg på Startpages: 1. Netvibes kom på 1.plass. Har vore bort i den, men vil sjå meir på på den. 2.plass iGoogle.
Var også innon Education og der såg eg ein nettstad som kom på 3.plass:Spanish pod. Den vil eg sjå på.
Såg også på IDG.no/Computerword. og såg kva for webtenester som vart kåra som dei beste frå ein norsk ståstad.Ser at ZohoWriter er kåra til vinnar framfor Google
når det gjeld kategorien tekstbehandling. Eg hadde tenkt å sjå meir på Google docs sidan eg har høyrt mykje skryt om den.Think Free er heilt ukjent for meg.
Del.icio.us er kåra til beste når det gjeld bokmerkeorganisatorar også her.

Saknar LibraryThing. Eg kjem til å bruke http://www.bokelskere.no/, sidan eg fekk vite at den var betre, men LibraryThing- den likte eg.
Eg synes det beste med denne oppgåva (Ting 21) er at eg har fått vite om eit hav av nettstader som eg ikkje har kjent til frå før. Nokre få har eg lista opp som eg vil sjå nærare på, men den lista kan verte uendeleg lang etterkvart. Eg har idet heile tatt fått opna augene endå meir for alt eg kan lære meir om, men først vil eg gå gjennom bloggen min å repetere det eg har lært hittil.
Liste over det eg vil sjå nærare på på venste side i bloggen:

lørdag 26. desember 2009

Ting 20: E -læring 2.0




Las det som stod på kursbloggen:"Dei nye e-læringsplattformene tek i bruk wiki, blogging og podcasting og andre 2.0-teknologiar og gjer dei om til sosiale samfunn med fokus på læring. Dette legg til rette for ei heilt ny form for e-læring der læring skjer gjennom interaksjon og "samtale". Ved bruk av 2.0 teknologiar vert læring gjort meir interaktiv og praktisk. Studentar får i større grad ansvar for eiga læring og kan følge sitt eige tempo sidan studiet ikkje har nokon fastsett sluttdato. "23 ting om 2 null" er eit godt eksempel på ny type e-læring der ein utnyttar web 2.0 til å lære om web 2.0."
Las artikkelen av Richard MacManus om e-læring 2.0: ei av dei mest aktive områda for web 2.0 er e-læring:t.d. Chinese Pod (lær kinesisk) og ELGG (sosialt nettverk /software for utdanning). Steve O`Hear skreiv ein god introduksjon for e-læring 2.0 for R/WW (Read Write Web). Han peikte på at blogging, podcasting, mediadeling og sosialt nettverk er vellukka i e-læringsverda.
Micros0ft har ei rekke utdanningsprodukt. Google ser ut til å vere spesielt aktiv i utdanning mellom Internettselskapa, t.d Google for Educators = ein plattform for undervisningsressursar.
Moodle er ein gratis open-source e-læringsplattform. Liknar på Blackboard og It`s learning. Bruker 2.0 teknologiar som blog, wiki, RSS og sosialt nettverk.Såg på mgsPodcast , Læringsrelaterete blogger og ELLG. Modle er ein gratis webapplikasjon som utdannarar/ lærarar/undervisarar kan bruke for å lage effektive nettstader for nettbasert undervisning.
Registrerte meg på
Chinese Pod. Las ein del av det som stod om a) kinesiske pinyin - standarden for skriftleg kinesisk, b) kinesiske tonar- mandarin kinesisk er eit tonespråk noko som betyr at kvar stavelse har ein tone og tydinga av kvar stavelse kan endrast av hengig av tone, c) kinesiske teikn - to sett kinesiske teikn - tradisjonelle og forenkla. Forenkla teikn er standard på Chinese Pod. Osv, osv. Såg på alle fanene, oversikt, ordliste, gramatikk osv. Hørte på ulike Newbie podcastar, t.d. What`s his name? Gjekk inn på glossary og søkte på ord og uttrykk: Good morning= ZAO SHANG HOA, goodbye=ZAI JIAN. Er klar over at vi ikkje skulle lære kinesisk, men var no litt artig å sjå litt på det.
Synes det var eit veldig greitt opplegg på Chines Pod. Kunne godt tenkje meg å bruke eit liknande opplegg for å lære eit anna språk (spansk), men kinesisk ser eg ikkje grunn til å bruke krefter på.

Synes dette "23ting om 2 null kurset" har vore veldig lærerikt. Eg starta på absolutt nullpunktet og alt har vore nytt for meg. Det har kosta meg mykje tid, av og til nesten"blod, svette og tårer", og eg har nok følt meg dum mange gongar undervegs, men igjen, eg har lært veldig mykje, eller fått innblikk i veldig mykje som eg kan lære meir om seinare.

Det har av og til vore håplaust når lenker ikkje har verka , eller når eg måtte gi meg på Rollyo, men elles synes eg opplegget har vore bra.
Ikkje alt har vore like interessant for meg personleg, t.d nedlasting av musikk(kjem nok til å halde fram med å høyre på CD`ar) og Second Life (kan no vere litt artig), men eg synes det er nyttig å vite om det sjølv om eg ikkje kjem til å bruke det.
Det å kunne jobbe med det når ein vil og ikkje ha tidspress, synes eg ikkje er heilt sant. Eg for min del må gjere alt på fritida (og sikkert mange andre også) og eg har kjent litt tidspress . Samstundes synes eg det må vere tidspress elles hadde eg vel aldri vorte ferdig.Eg har heller ingen tidlegare erfaring med e-læring, men synes det er veldig kjekt, kike litt på andre sine bloggar og få kommentarar og hjelp frå kursleiar synes eg har vore ei veldig god hjelp. Må vedgå at eg har skrive ut alle"tinga". Litt trygt å ha det i papirform attmed meg medan eg held på.
E-læring er fint på den måten at ein kan ta utdanning og kurs same kvar ein bur i landet.
Veit at mange skular bruker e-læring. På Sæbø skule (og sikkert mange andre) legg dei oppgåvene på nettet og elevane løyser dei der, får kommentarar og beskjeder frå lærar. Det må no vere ein kjekk måte å lære på for ungdom.

Eg er veldig glad for at eg melde meg på dette kurset.







lørdag 19. desember 2009

Ting 19: Virtuelle verdener













Virtuelle verdner - simulert verkelegheit der ein omgåast andre ved å opprette ein avatar .Her er målet å treffe venner og omgå dei i ulike sosiale samanheng: på konsert, utstilling osv." Ein avatar er ein datamaskinbrukar representasjon av sjølv eller alter ego, enten i form av ein tredimensjonell modell som vert brukt i dataspel, eller eit todimensjonalt ikon som vert brukt på internettforum eller andre miljø m.m".(Wikipedia), dvs. ein person(figur) ein klikkar seg innpå, vel namn og utsjånad .
Vanlegvis har ein kommunisert med andre ved å chatte. No vert det stadig vanlegare med stemmebasert kommunikasjon.
MMORG "massive multiplayer online role - playing game".Liknar på tradisjonelle dataspel i rollespelsjangeren. Ein får oppdrag som må løysast, og ein tener pengar og erfaringspoeng. Må i stor grad løyse oppgåver i samarbeid med andre spelarar for å gjere framskritt. Det største i dag er World of Warcraft. Las om dette på Wikipedia- Ser at for å spele dette på internett må ein abonnere på speletid eller kjøpe 60 dagars spelekort. Den første månaden er gratis. -Blizzard Entertainment har 1200 tilsette for å utvikle spelet.Ser at World of Warcraft har fått sterk kritikk for å vere avhengigheitsskapande.

Etter mykje strev greidde eg å opprette ein brukar på Second Life. Trudde det var passordet eg gjorde feil med, så eg prøvde med mange forskjellige. Om kvelden fekk eg melding frå Heidi Holen at ho hadde funne ut at lenka ikkje virka.
Ho skreiv at eg måtte gå inn på http://www.secondlife.com/. Det gjorde eg (Arnhild ordna ut for meg, eg var så lei)). Så gløymde eg å aktivere kontoen, så eg måtte starte på nytt. Alt gjekk veldig lett og greitt då, så dette trøbbelet eg hadde i starten må ha vore"sjølvlaga" sjølvom lenka ikkje verka. Neste trøbbel var at eg gløymde å laste ned Second Life. Ikkje så lett alt når ein ikke les skikkeleg, men tilslutt gjekk alt bra. Eg hadde litt motvilje mot denne oppgåva, så eg trur nok det har verka inn.
Eg heiter altså no Karen Barineaux på Second Life og ser elegant ut(tenk om det var verkeleg).


Eg gjekk inn på dei ulike fanene og såg diverse videoar som forklarte korleis ting skulle gjerast.
Utsjånaden til Karen Barineaux vart endra, fiksa på nasa, fekk på jakke osv. Så skaffa eg meg ein venn, Mika Overland, og fekk positivt svar frå han. Veit ikkje kva vi skal finne på saman, men vi kan reise, shoppe, gå på forskjellige "events" osv. Prøvde å shoppe(åleine) søkje på dress, valde ut Place IRIGHT-FASHION, klikka på teleport, men då stoppa det opp, det same når eg søkte på car og valde ut MERCEDES BENZ, stoppa opp når eg klikka på teleport. Hadde eg kome inn kunne eg ha fullført kjøpet (Second Life) Idet heile teke er det eit hav av muligheiter på Second Life.Eg kunne ha "vore der" i timesvis, ja dagevis, men synes ikkje eg kan bruke meir tid på dette. Eg har sett litt på det og fått litt peiling. Trur eg på seie meg ferdig med Second Life sjølv om eg ikkje har gjort så mykje, men eg synes det er greitt å ha fått eit innblikk. Det vert aldri "mi verd" uansett, sjølvom det sikkert er kjekt for dei som er opptekne av dette. Får sjå kva som skjer etter fylte 62.


Var innom InfoIsland.

Har notert meg den nye boka om online rollespel ogvirtuelle verdener av Kalle Gjesvik("Lek eller alvor")som var den første boka Norgesbiblioteket lanserte i Second Life.




mandag 14. desember 2009

Ting 18: Webapplikasjonar - igjen.






PERSONALMØTE ONSDAG 16.DESEMBER


Møtet startar kl.9.

1. Opningstider i jula

2.Opningstider på filialane,skal vi endre eller køyre med den same fram til sommaren??

3.Bokkjøp til filialane?

4.Tilsetjing av ny bibliotekar. Eventuell vikarordning fram til vedkomande kan begynne.

5.Fordeling av arbeidoppgåver, ulike "ryddeområder"?

6. Heimesida, e-post m.m.

7. Morgon og kveldsrutiner

8. Julebord og avslutning for Arnhild





Som eg sa, Hilde, følte eg meg ikkje heilt ferdig. Sidan eg måtte skrive nokre punkt til personalmøte, skreiv eg det like godt i ZohoWriter, publiserte det på bloggen og maila det til Ørsta folkebibliotek. Såg gjennom"Tabbed Toolbar" , oversikt over alle verktøya i ZohoWriter, deling, eksportering, importering osv."Template Library" - liste over malar synes eg var interessant. Det var den eg meinte/snakka om i telefonen. Såg på Google Docs at der også er oversikt over ferdige malar og der er det berre å klikke på "Bruk denne malen".
Etter å ha sett på ZohoWriter ein gong til føler eg meg litt sikrare. Skal sjå meir på Google maps ved høve.



søndag 13. desember 2009

Ting 18: Webapplikasjonar


Zoho er eit webbasert skriveprogram. Ein har alle sine dokument online og har tilgang til dei på kva som helst PC.
Tilgjengeligheit og bruk av slike webbaserte applikasjonar (rekneark/tekstutg)
har auka voldsomt siste åra. Ved hjelp av desse verktøya kan ein lage og dele dokument på internett utan å ha installert denne type program. Fordelar med slike webbaserte publikasjonar er:
Eliminerer problem rundt ulike software versjonar eller filtyper ettersom ein sender dokumenta på e-post eller beveger seg frå PC til PC.
Ein kan veldig enkelt jobbe i same dokument og lagre dokumentet i ulike filformat som HTML og pdf.
Ein kan bruke ZohoWriter og google docs til å forfatte og publisere innlegg på bloggen.
Til det praktiske:
Eg oppretta konto på ZohoWriter(gmailadr.) så laste eg opp eit dokument frå PC`en min (Foreldremøte i barnehage).
Neste skritt var å publisere eit innlegg. Eg valde ZohoWriter, valde format, overskrift, skrifttype, skreiv dokumentet, valde"share" og "post it to blog"Eg skreiv om igjen eit innlegg vi har på heimesida vår.




Sæbø filial flyttar til skulen.


Grunna store innskrenkingar av opningstida på filialane flyttar Sæbø filial til skulen. Dette gir skulen høve til å bruke bøkene når dei måtte ønskje det. Lærarane vil få opplæring i utlån og innlevering.

Det er meiningslaust å ha innelåste bøker heile veka, så å seie, berre to opningstimar. Kombinasjonsbibliotek er det einaste fornuftige på små stader med så lite ope. Ein kan då samordne bokkjøpet og få ei betre utnytting av bokstammen.

Bokutvalet kan ikkje verte så stort som tidlegare når det gjeld vaksenlitteratur, men alle skal få den boka dei spør etter. vi oppmodar lånarane til å setje seg på venteliste, så får dei beskjed når det vert deira tur. Viser også til heimesida vår der ein kan søkje etter bøker, reservere og fornye sjølve. Vi strekkjer oss langt for at alle skal få bokønskja sine oppfylde. Gå inn på
http/www.folkebilioteket.no

Vi håper lånarane på Sæbø har forståing for flyttinga. Lokalet er sjølvsagt ikkje det beste, men vi synes det er eit avgjerande argument at bøkene er tilgjengelege for skulen og den oppveksande slekt i Hjørundfjorden.

Opningstida er no tysdag 12 -14. Den vert vurdert endra.

Skuleleiinga på Sæbø skule har vore svært positive til biblioteket.

Vi ønskjer gamle og nye lånarar velkomne og håper hjørundfjordingane bruker filialen sin!

Velkomne!!





























torsdag 10. desember 2009

Ting 13 Eigendefinerte søkjemotorar















Rollyo er ei teneste som let ein søkje på same tema på fleire nettstader samstundes. Vel sjølv ut kvar ein vil søkje.På den måten er det ein sjølv som bestemmer kvar ein får treff frå og ein kan
kvalitetsikre treffa ein får
Eg hoppa over dette punktet i kurset fordi eg hadde store problem med å kome inn. Prøvde igjen i kveld og har igjen hatt store problem, men eg kom meg inn tilslutt og oppretta ein konto(logga meg inn meg gmail-adressa) og kom inn på heimesida mi. Så gjekk eg inn på"dashboard " og og søkte under"Starter Search Engines", haka av "Books and Authors", søkte på Knut Hamsun og fekk 747 treff. Frå heimesida kan ein utforske andre søkjerullar under "explore". Sin eigen søkjerull kan ein lage ved å velje"Create Searchroll" . No gir eg opp. Eg har halde på med dette i fleire timar og får stadig vekk "no connection"og dei sidene eg får "connection" på tar det evig tid. Kan berre seie at eg har prøvd å setje meg inn i dette, men får det ikkje til i praksis. Synes ikkje det er fornuftig å prøve meir, men det irriterer meg at eg ikkje klarte å fullføre.
Eg gjekk inn på nokre av lenkene på kursbloggen , Bibliotek Rollyo No - Miljøvern og søkte på vindkraft. Fekk 5400 treff.
Så prøvde eg Bibliotek Rollyo No-Norske Leksikon. Søkte på Nobels fredspris og fekk 1170 treff.

Så prøvde eg http://www.zuula.com/. Zuula utfører søk på fleire søkjemotorar på ein gong som t.d Google, Yahoo, MSN.Eg søkte på barnelitteratur, fantasylitteratur for ungdom, historiske romanar m.m. og fekk mange treff på kvart søk. Dette gjekk fort. Farta her var litt annleis enn på Rollyo.

tirsdag 8. desember 2009

Ting 17: Origo - norsk utvikla møtestad for debatt og samarbeid



Norskutvikla verktøy for "meningsbryting, samarbeid og kos i norske byer og lokalsamfunn". Det er ein møtestad for folk med felles interesser. Kvar sone har si eiga framside der medlemmane kan blogge bilde, dele bilde, legge ut artiklar osv.
Samarbeid ved hjelp av Origo er spesielt eigna
a) for grupper som er så store at det er vanskeleg å samle dei på ein stad
b)geografisk spreidde grupper
c) laust definerte grupper som t.d. eit burettslag der folk flyttar ut og inn, foreldregrupper i ulike lag der folk vert skifta ut med jamne mellomrom . Det gjeld forresten alle lag og organisasjonar. Folk vert skifta ut, men med Origo har alle tilgang på historikken , kva som har skjedd før, kva som er gjort osv. Med samarbeid i ei origosone får alle lett oversikt over aktiviteten, kan sjå bakover i historikken , legge ut nye artiklar/forslag til aktivitetar og vite at dei som er engasjert i arbeidet ser kva som skjer. Ei sone har verktøy for å snakke saman og organsere aktivitet t..d kalendar for aktivitet.
Eg logga meg inn, la inn litt om meg sjølv, alder, yrke, bilde, interesser(veldig lite), valde lokalsamfunn: plasserte markøren på kartet. Prøvde å finne ei fast lokalsone, men fann inga som høyrde til det område eg hadde klikka med inn på kartet. Prøvde å finne ei sone for nærliggande område, men fann inga som eg syntes var nær nok.
Så klikka eg på"finn soner", søkte på litteratur og melde meg inn i sonene:"Lese bøker" og "Litteratur i Vestfold" Så inviterte eg ein venn til å vere med i Origo.no, men har ikkje fått svar. Søkte etter folk og brukte mange "bibliotekarnamn", men fann ingen.
Eg oppretta eiga sone og kalla den "Eikrem Velforeining", valde mal og at den skulle vere open for alle som ville melde seg inn og skreiv litt om sona.
Veit ikkje om eg har gjort nok på denne oppgåva, men synes det viktigaste er vel å orientere seg , vite at origo finst og utvikle sida si, opprette eller melde seg inn i fleire soner ved behov.Slik er det vel med alt på dette kurset.
Trur eg må seie meg ferdig med Origo.

søndag 6. desember 2009

Ting 16: Mashups


Dette verka heilt "gresk", men begynte å lese litt og sjå litt på det. Får håpe det har "demra " litt iallefall.
Ein mashup er altså ei nettside eller en webapplikasjon som kombinerer innhald frå to eller fleire kilder til ei ny teneste .
Tok oppdagingsturen. Klikka på bildet på kursbloggen for å sjå på mashupen dei har laga på Ann Arbor District Library. Fekk beskjed om at sida ikkje vart funna.
Talis - prototype på ein annan mashup som kombinerer bibliotekkatalogar med google maps og Amazon
Klikka meg også inn på Whisper - bildet som stod på bloggen(ti på topp, dagens bok osv).
Las om Library Thing Thing - det handlar når det oppdagar søk som kombinerer Library Thing med bibliotekkatalogar.
Kika på det nye norske Biblioteklaboratoriet - konkurranse i å lage mashups med bibliotekrelatert innhald.
Las om mashups på Wikipedia (norsk).
Mashups Awards er ei handplukka "showcase" av dei beste web mashups, over 500 mashups er arkivert i meir enn 40 kategoriar.Mashup Awards er ei nettside som kårar beste mashup kvar dag og kvar månad.
Så til det praktiske: Søkte på "authors" og fekk opp mashupen "Book Tour" - verktøy for bokpromotering. Tillet forfattarar på alle nivå å legge opp bokturneèar på bestemte stader. For lesarar og publikum gjer "Book Tour" det like lett å finne ut kva tid favorittforfattaren kjem til staden der ein bur som å sjekke veret.
Så søkte eg på "books" og fekk opp fleire mashups, mellom anna "Authr" som vart min favoritt. Klikka på "visit authr" og søkte på Maria Parr og fekk jamen treff på henne endå så ny ho er. Står oppført berre med ei bok, ikkje fått med den siste. Står når og kvar ho er fødd,kvar ho studerer og har lenke til artikkel på Wikipedia.
Så søkte eg på Jon Fosse og fekk treff sjølvsagt. Fekk opp kor mange bøker han har gitt ut, liste over titlane, årstal for når bøkene er gitt ut, forlag, innbinding. Har også lenke til Amazon - kan nettshoppe.
Tidslina er det mest spesielle her- viser når bøkene er utgitt på ulike språk. Begynner med dei nyaste og så bakover til dei eldste. Veldig artig. Knut Hamsun søkte eg også på sidan det er Hamsun-år.
Fekk også sjølvsagt treff på Astrid Lindgren.
Zoomi - her er det muligheit til å søkje i bokhyllene, men forstod det sånn at eg måtte opprette ein konto for å kome inn. Berre engelske bøker her.
Twizon - ein mashup som viser Amazon bøker, musikk og filmar som folk snakkar om på Twitter.
Map Amazon.com viser heile bokomslaget på Amazon.com - organisert/ordna i fargekoda kategoriar ordna etter nummer på bøkene- t.d Childrens`s books - oransje, Arts and photograpy- grønt. Klikka meg litt inn og såg, men gjorde ikkje meir med det. oversiktleg, men trur ikkje det vert brukt med meg.
Bookr er ein mashup som tillet folk å lage si eiga digitale bok. prøvde på det, men fekk den ikkje
inn på bloggen min.
Det fins mange slags mashups, men har halde meg til dei "boklege".
Kan ein kalle Ønskebok.no ein mashup? Då ville det vere ein fordel for meg at denne vart vidareutbygd.


torsdag 3. desember 2009

Ting 15: Leik med bilde


Det er mange ulike tenester for å leike med bilde, lage plakatar , puslespel m.m. Kan også lage magasinforside og filmplakat.Fellesnamn for tenestene er bildegeneratorar,kan laste opp bilde frå eigen PC og omforme dei. Nokre generatorar der ein ikkje lastar opp bilde sjølv , men skriv inn tekst form farge og innhald på t.d. eir bokomslag Gjekk inn på bughugelaps og klikka på Popart Poster, , lasta opp bilde frå datamaskinen min, valde popartposter, valde kvar bilde skulle plasserast, top, center, left osv. Valde storleik osv., så Create, trur i alle fall at det var slik. Synes Arnhild som snart skal slutte på Ørsta folkebibliotek fortente å "bloggast". Ovanfor ser de resultatet.



Så prøvde eg meg på magasinforside.


og filmplakat.



Gjekk inn på htttp://www.txt2pic.com, lasta opp eit bilde av meg sjølv, prøvde med ulike ramer, spesielle effekter o.l. Resultatet vart forferdeleg.
Var også innom http://www.blyberg.net/card-generator. Katalogkort frista ikkje no. Får kome tilbake til det i ei"sentimental stund".
Kan halde på evig, men må gi meg no. Fleire oppgåver ventar.



tirsdag 1. desember 2009

Ting: 14: Personlege forsider eller startsider


iGoogle
Originally uploaded by HiDeoo


På ei personleg forside kan ein samle nyttig informasjon som t.d. få ei oversikt over nyaste e-postar, få sin eigen aktivitetskalendar, det lokale veret,nyheiter frå aviser, feedar på emne ein har søkt på i bibliotekkatalogar osv.
Det er to startsider som er populære i Norge: iGoogle og Netvibes .
Tok "ein tur" på Netvibes. Har same funksjonane som iGoogle : eigendefinerte faner, feedar og modular som kan delast med andre på ulike måtar.
Denne type tenester kallast personifisering.
Tok oppdagingsturen. Gjekk inn på http:www.google.com/ig og utforska litt. Kan logge seg inn med Google-konto eller la vere når ein lagar sida si. Klikka på "Legg til ting"- Dagbladet.no, It-avisen.no osv.Kan legge til ting i det uendelege. Kan også søkje etter modular. Kan sortere modulane etter språk, mest populært, flest brukarar, nyast osv.Avgrense kategoriar kan ein også.
Utforskinga gjekk ut på det same som oppdagingsturen: Klikka meg inn på iGoogle, oppretta startside, la til ting:Gmail (kan sjå e-posten min), Google-nyheiter, Dagbladet.no, Youtube, It-avisen, Bokmerke osv, modul for ver og modul for tid og klokkeslett.Når ein trykkjer på "legg til" kjem det opp:kanskje du er interessert i. Klikkar ein der, så kjem det fleire element ein kan legge til, så dette er uendeleg.
Klikkar ein på pila på den blå linja på modulen kan ein redigere innstillingar ( eg redigerte vermodulen- ville heller ha veret i Ålesund enn i Oslo), slette modular, minimere modulen osv.
Søkte opp Facebook elementet. Knytte saman Google Gadget med Facebook. Valde eit tema (flower) for å tilpasse utsjånaden på sida. Flytta tilslutt på nokre av modulane/elementa for å få dei i anna rekkefølge.
Synes dette var enkelt, så eg håper eg har forstått det rett. Eg skriv altfor detaljert, men må minne med sjølv på kva eg gjer.