onsdag 30. desember 2009

Ting 21: Web 2.0 Awards


Her var det mykje nytt. Synes eg har lært og vore bort i mykje i løpet av dette kurset, men det fører berre til at eg ser kor mykje meir eg har å lære. Tok oppdagingsturen på Web 2.0 Awards.
Her var det 41 kategoriar å velje i, så her måtte eg gjere eit utval.
Ser at det er fem punkt som inngår i vurderinga: Brukarvennligheit, nytte, sosiale aspekt, brukargrensesnitt og design samt kvaliteten av innhaldet.
Eg synes ikkje eg kan svare på om det er rett ting som har vunne. Eg har for lita erfaring til å bedømme det, men kan sjå om det er noko av det eg liker eller kjenner til som står på lista.
Eg såg på Award-kategoriane:Bookmarking, Books, Genealogy, Photos and Digital Images, Video, News and blogg Guides og Collaborate Writing and Word Processing m.m
Gjekk innpå vinnarlista http://www.seomoz.org/web.20/short:

Bookmarking: Del.icio.us fekk førsteplassen her. Det kan eg vere einig i utifrå at eg sjølv likte det godt.Stumble Upon fekk andreplassen. Eg likte også denne godt og ser at trass i 2.plassen får den 5 stjerner i brukarvennligheit og brukargrensesnittog design - Deli.cio.us får her 4 stjerner, men Del.icio.us skåra høgare på nytte, sosiale aspekt og kvalitet på innhald.

Bøker: Her såg lista slik ut:1.Lulu, 2. Biblio.com og 3. VuFind. Kjende ikkje til nokon av desse, men eg vil sjå nærare på Vufind sidan den var spesielt utforma for bibliotek.

Slektsforsking: Såg på det sidan vi har ein del lånarar som er interessert i det og då kan det vere greitt i allefall å vite kva dei snakkar om eller kunne tipse dei som ikkje veit om det.
1. MyHeritage - det leiande familenettverket på internett, men eg kan ikkje bedømme det.
2. Geni - gratis, privat forum for medlemmane til å lage eit familietre og slektshistorie. Trur eg vil sjå nærare på dette.
Bilder og digitale bilder:1. Flickr - sjølvsagt. Har ei stor samling bilde. Eg likte det veldig godt. Det kjem eg til å bruke i biblioteksamanheng, Mine personlige bilde vil eg ha for meg sjølv. Er sikkert gamaldags, men har litt motvilje mot å legge dei ut på nettet.
2. Picnic - online fotoeditor med mange artige funksjonar - kan bruke det til å redigere og forbetre bilde på datamaskinen. Fall også i min smak.

Video: 1. plass YouTube - verdas beste samling av videoar på nettet står det. Her er opptak av nær sagt alt. Kan laste opp eigne videoar eller velje frå den enorme samlinga og legge inn videoar på eiga nettside eller blogg. YouTube hadde eg verkelge sansen for.

News og blogg Guides:1. plass Google. Ser at den skårar mest på brukarvennlegheit, brukargrensesnitt og design, ingenting på sosiale aspekt.
2.Bloglines - den skårar mest på nytte og kvalitet på innhald.

Tilslutt såg eg på Collaborate Writing and Word Processing: Google docs
kom her nr. 1 , nr. 2 vart ABC Writeboard og Think Free nr. 3. Dei to siste kjenner eg ikkje til i det heile tatt.
Klarte ikkje å stoppe likevel, så eg såg på Social nettworking: Her kom Twitter framfor Facebook. Veit ikkje kva som ligg bak vurderinga, men Faceboook og Twitter har vel litt ulike funksjonar slik at dei ikkje er heilt samanliknbare. (utifrå det eg har lese) Har registrert meg på Facebook (utruleg, hadde ikkje skjedd utan dette kurset) Twitter har eg aldri brukt.
Såg på Startpages: 1. Netvibes kom på 1.plass. Har vore bort i den, men vil sjå meir på på den. 2.plass iGoogle.
Var også innon Education og der såg eg ein nettstad som kom på 3.plass:Spanish pod. Den vil eg sjå på.
Såg også på IDG.no/Computerword. og såg kva for webtenester som vart kåra som dei beste frå ein norsk ståstad.Ser at ZohoWriter er kåra til vinnar framfor Google
når det gjeld kategorien tekstbehandling. Eg hadde tenkt å sjå meir på Google docs sidan eg har høyrt mykje skryt om den.Think Free er heilt ukjent for meg.
Del.icio.us er kåra til beste når det gjeld bokmerkeorganisatorar også her.

Saknar LibraryThing. Eg kjem til å bruke http://www.bokelskere.no/, sidan eg fekk vite at den var betre, men LibraryThing- den likte eg.
Eg synes det beste med denne oppgåva (Ting 21) er at eg har fått vite om eit hav av nettstader som eg ikkje har kjent til frå før. Nokre få har eg lista opp som eg vil sjå nærare på, men den lista kan verte uendeleg lang etterkvart. Eg har idet heile tatt fått opna augene endå meir for alt eg kan lære meir om, men først vil eg gå gjennom bloggen min å repetere det eg har lært hittil.
Liste over det eg vil sjå nærare på på venste side i bloggen:

lørdag 26. desember 2009

Ting 20: E -læring 2.0




Las det som stod på kursbloggen:"Dei nye e-læringsplattformene tek i bruk wiki, blogging og podcasting og andre 2.0-teknologiar og gjer dei om til sosiale samfunn med fokus på læring. Dette legg til rette for ei heilt ny form for e-læring der læring skjer gjennom interaksjon og "samtale". Ved bruk av 2.0 teknologiar vert læring gjort meir interaktiv og praktisk. Studentar får i større grad ansvar for eiga læring og kan følge sitt eige tempo sidan studiet ikkje har nokon fastsett sluttdato. "23 ting om 2 null" er eit godt eksempel på ny type e-læring der ein utnyttar web 2.0 til å lære om web 2.0."
Las artikkelen av Richard MacManus om e-læring 2.0: ei av dei mest aktive områda for web 2.0 er e-læring:t.d. Chinese Pod (lær kinesisk) og ELGG (sosialt nettverk /software for utdanning). Steve O`Hear skreiv ein god introduksjon for e-læring 2.0 for R/WW (Read Write Web). Han peikte på at blogging, podcasting, mediadeling og sosialt nettverk er vellukka i e-læringsverda.
Micros0ft har ei rekke utdanningsprodukt. Google ser ut til å vere spesielt aktiv i utdanning mellom Internettselskapa, t.d Google for Educators = ein plattform for undervisningsressursar.
Moodle er ein gratis open-source e-læringsplattform. Liknar på Blackboard og It`s learning. Bruker 2.0 teknologiar som blog, wiki, RSS og sosialt nettverk.Såg på mgsPodcast , Læringsrelaterete blogger og ELLG. Modle er ein gratis webapplikasjon som utdannarar/ lærarar/undervisarar kan bruke for å lage effektive nettstader for nettbasert undervisning.
Registrerte meg på
Chinese Pod. Las ein del av det som stod om a) kinesiske pinyin - standarden for skriftleg kinesisk, b) kinesiske tonar- mandarin kinesisk er eit tonespråk noko som betyr at kvar stavelse har ein tone og tydinga av kvar stavelse kan endrast av hengig av tone, c) kinesiske teikn - to sett kinesiske teikn - tradisjonelle og forenkla. Forenkla teikn er standard på Chinese Pod. Osv, osv. Såg på alle fanene, oversikt, ordliste, gramatikk osv. Hørte på ulike Newbie podcastar, t.d. What`s his name? Gjekk inn på glossary og søkte på ord og uttrykk: Good morning= ZAO SHANG HOA, goodbye=ZAI JIAN. Er klar over at vi ikkje skulle lære kinesisk, men var no litt artig å sjå litt på det.
Synes det var eit veldig greitt opplegg på Chines Pod. Kunne godt tenkje meg å bruke eit liknande opplegg for å lære eit anna språk (spansk), men kinesisk ser eg ikkje grunn til å bruke krefter på.

Synes dette "23ting om 2 null kurset" har vore veldig lærerikt. Eg starta på absolutt nullpunktet og alt har vore nytt for meg. Det har kosta meg mykje tid, av og til nesten"blod, svette og tårer", og eg har nok følt meg dum mange gongar undervegs, men igjen, eg har lært veldig mykje, eller fått innblikk i veldig mykje som eg kan lære meir om seinare.

Det har av og til vore håplaust når lenker ikkje har verka , eller når eg måtte gi meg på Rollyo, men elles synes eg opplegget har vore bra.
Ikkje alt har vore like interessant for meg personleg, t.d nedlasting av musikk(kjem nok til å halde fram med å høyre på CD`ar) og Second Life (kan no vere litt artig), men eg synes det er nyttig å vite om det sjølv om eg ikkje kjem til å bruke det.
Det å kunne jobbe med det når ein vil og ikkje ha tidspress, synes eg ikkje er heilt sant. Eg for min del må gjere alt på fritida (og sikkert mange andre også) og eg har kjent litt tidspress . Samstundes synes eg det må vere tidspress elles hadde eg vel aldri vorte ferdig.Eg har heller ingen tidlegare erfaring med e-læring, men synes det er veldig kjekt, kike litt på andre sine bloggar og få kommentarar og hjelp frå kursleiar synes eg har vore ei veldig god hjelp. Må vedgå at eg har skrive ut alle"tinga". Litt trygt å ha det i papirform attmed meg medan eg held på.
E-læring er fint på den måten at ein kan ta utdanning og kurs same kvar ein bur i landet.
Veit at mange skular bruker e-læring. På Sæbø skule (og sikkert mange andre) legg dei oppgåvene på nettet og elevane løyser dei der, får kommentarar og beskjeder frå lærar. Det må no vere ein kjekk måte å lære på for ungdom.

Eg er veldig glad for at eg melde meg på dette kurset.







lørdag 19. desember 2009

Ting 19: Virtuelle verdener













Virtuelle verdner - simulert verkelegheit der ein omgåast andre ved å opprette ein avatar .Her er målet å treffe venner og omgå dei i ulike sosiale samanheng: på konsert, utstilling osv." Ein avatar er ein datamaskinbrukar representasjon av sjølv eller alter ego, enten i form av ein tredimensjonell modell som vert brukt i dataspel, eller eit todimensjonalt ikon som vert brukt på internettforum eller andre miljø m.m".(Wikipedia), dvs. ein person(figur) ein klikkar seg innpå, vel namn og utsjånad .
Vanlegvis har ein kommunisert med andre ved å chatte. No vert det stadig vanlegare med stemmebasert kommunikasjon.
MMORG "massive multiplayer online role - playing game".Liknar på tradisjonelle dataspel i rollespelsjangeren. Ein får oppdrag som må løysast, og ein tener pengar og erfaringspoeng. Må i stor grad løyse oppgåver i samarbeid med andre spelarar for å gjere framskritt. Det største i dag er World of Warcraft. Las om dette på Wikipedia- Ser at for å spele dette på internett må ein abonnere på speletid eller kjøpe 60 dagars spelekort. Den første månaden er gratis. -Blizzard Entertainment har 1200 tilsette for å utvikle spelet.Ser at World of Warcraft har fått sterk kritikk for å vere avhengigheitsskapande.

Etter mykje strev greidde eg å opprette ein brukar på Second Life. Trudde det var passordet eg gjorde feil med, så eg prøvde med mange forskjellige. Om kvelden fekk eg melding frå Heidi Holen at ho hadde funne ut at lenka ikkje virka.
Ho skreiv at eg måtte gå inn på http://www.secondlife.com/. Det gjorde eg (Arnhild ordna ut for meg, eg var så lei)). Så gløymde eg å aktivere kontoen, så eg måtte starte på nytt. Alt gjekk veldig lett og greitt då, så dette trøbbelet eg hadde i starten må ha vore"sjølvlaga" sjølvom lenka ikkje verka. Neste trøbbel var at eg gløymde å laste ned Second Life. Ikkje så lett alt når ein ikke les skikkeleg, men tilslutt gjekk alt bra. Eg hadde litt motvilje mot denne oppgåva, så eg trur nok det har verka inn.
Eg heiter altså no Karen Barineaux på Second Life og ser elegant ut(tenk om det var verkeleg).


Eg gjekk inn på dei ulike fanene og såg diverse videoar som forklarte korleis ting skulle gjerast.
Utsjånaden til Karen Barineaux vart endra, fiksa på nasa, fekk på jakke osv. Så skaffa eg meg ein venn, Mika Overland, og fekk positivt svar frå han. Veit ikkje kva vi skal finne på saman, men vi kan reise, shoppe, gå på forskjellige "events" osv. Prøvde å shoppe(åleine) søkje på dress, valde ut Place IRIGHT-FASHION, klikka på teleport, men då stoppa det opp, det same når eg søkte på car og valde ut MERCEDES BENZ, stoppa opp når eg klikka på teleport. Hadde eg kome inn kunne eg ha fullført kjøpet (Second Life) Idet heile teke er det eit hav av muligheiter på Second Life.Eg kunne ha "vore der" i timesvis, ja dagevis, men synes ikkje eg kan bruke meir tid på dette. Eg har sett litt på det og fått litt peiling. Trur eg på seie meg ferdig med Second Life sjølv om eg ikkje har gjort så mykje, men eg synes det er greitt å ha fått eit innblikk. Det vert aldri "mi verd" uansett, sjølvom det sikkert er kjekt for dei som er opptekne av dette. Får sjå kva som skjer etter fylte 62.


Var innom InfoIsland.

Har notert meg den nye boka om online rollespel ogvirtuelle verdener av Kalle Gjesvik("Lek eller alvor")som var den første boka Norgesbiblioteket lanserte i Second Life.




mandag 14. desember 2009

Ting 18: Webapplikasjonar - igjen.






PERSONALMØTE ONSDAG 16.DESEMBER


Møtet startar kl.9.

1. Opningstider i jula

2.Opningstider på filialane,skal vi endre eller køyre med den same fram til sommaren??

3.Bokkjøp til filialane?

4.Tilsetjing av ny bibliotekar. Eventuell vikarordning fram til vedkomande kan begynne.

5.Fordeling av arbeidoppgåver, ulike "ryddeområder"?

6. Heimesida, e-post m.m.

7. Morgon og kveldsrutiner

8. Julebord og avslutning for Arnhild





Som eg sa, Hilde, følte eg meg ikkje heilt ferdig. Sidan eg måtte skrive nokre punkt til personalmøte, skreiv eg det like godt i ZohoWriter, publiserte det på bloggen og maila det til Ørsta folkebibliotek. Såg gjennom"Tabbed Toolbar" , oversikt over alle verktøya i ZohoWriter, deling, eksportering, importering osv."Template Library" - liste over malar synes eg var interessant. Det var den eg meinte/snakka om i telefonen. Såg på Google Docs at der også er oversikt over ferdige malar og der er det berre å klikke på "Bruk denne malen".
Etter å ha sett på ZohoWriter ein gong til føler eg meg litt sikrare. Skal sjå meir på Google maps ved høve.



søndag 13. desember 2009

Ting 18: Webapplikasjonar


Zoho er eit webbasert skriveprogram. Ein har alle sine dokument online og har tilgang til dei på kva som helst PC.
Tilgjengeligheit og bruk av slike webbaserte applikasjonar (rekneark/tekstutg)
har auka voldsomt siste åra. Ved hjelp av desse verktøya kan ein lage og dele dokument på internett utan å ha installert denne type program. Fordelar med slike webbaserte publikasjonar er:
Eliminerer problem rundt ulike software versjonar eller filtyper ettersom ein sender dokumenta på e-post eller beveger seg frå PC til PC.
Ein kan veldig enkelt jobbe i same dokument og lagre dokumentet i ulike filformat som HTML og pdf.
Ein kan bruke ZohoWriter og google docs til å forfatte og publisere innlegg på bloggen.
Til det praktiske:
Eg oppretta konto på ZohoWriter(gmailadr.) så laste eg opp eit dokument frå PC`en min (Foreldremøte i barnehage).
Neste skritt var å publisere eit innlegg. Eg valde ZohoWriter, valde format, overskrift, skrifttype, skreiv dokumentet, valde"share" og "post it to blog"Eg skreiv om igjen eit innlegg vi har på heimesida vår.




Sæbø filial flyttar til skulen.


Grunna store innskrenkingar av opningstida på filialane flyttar Sæbø filial til skulen. Dette gir skulen høve til å bruke bøkene når dei måtte ønskje det. Lærarane vil få opplæring i utlån og innlevering.

Det er meiningslaust å ha innelåste bøker heile veka, så å seie, berre to opningstimar. Kombinasjonsbibliotek er det einaste fornuftige på små stader med så lite ope. Ein kan då samordne bokkjøpet og få ei betre utnytting av bokstammen.

Bokutvalet kan ikkje verte så stort som tidlegare når det gjeld vaksenlitteratur, men alle skal få den boka dei spør etter. vi oppmodar lånarane til å setje seg på venteliste, så får dei beskjed når det vert deira tur. Viser også til heimesida vår der ein kan søkje etter bøker, reservere og fornye sjølve. Vi strekkjer oss langt for at alle skal få bokønskja sine oppfylde. Gå inn på
http/www.folkebilioteket.no

Vi håper lånarane på Sæbø har forståing for flyttinga. Lokalet er sjølvsagt ikkje det beste, men vi synes det er eit avgjerande argument at bøkene er tilgjengelege for skulen og den oppveksande slekt i Hjørundfjorden.

Opningstida er no tysdag 12 -14. Den vert vurdert endra.

Skuleleiinga på Sæbø skule har vore svært positive til biblioteket.

Vi ønskjer gamle og nye lånarar velkomne og håper hjørundfjordingane bruker filialen sin!

Velkomne!!





























torsdag 10. desember 2009

Ting 13 Eigendefinerte søkjemotorar















Rollyo er ei teneste som let ein søkje på same tema på fleire nettstader samstundes. Vel sjølv ut kvar ein vil søkje.På den måten er det ein sjølv som bestemmer kvar ein får treff frå og ein kan
kvalitetsikre treffa ein får
Eg hoppa over dette punktet i kurset fordi eg hadde store problem med å kome inn. Prøvde igjen i kveld og har igjen hatt store problem, men eg kom meg inn tilslutt og oppretta ein konto(logga meg inn meg gmail-adressa) og kom inn på heimesida mi. Så gjekk eg inn på"dashboard " og og søkte under"Starter Search Engines", haka av "Books and Authors", søkte på Knut Hamsun og fekk 747 treff. Frå heimesida kan ein utforske andre søkjerullar under "explore". Sin eigen søkjerull kan ein lage ved å velje"Create Searchroll" . No gir eg opp. Eg har halde på med dette i fleire timar og får stadig vekk "no connection"og dei sidene eg får "connection" på tar det evig tid. Kan berre seie at eg har prøvd å setje meg inn i dette, men får det ikkje til i praksis. Synes ikkje det er fornuftig å prøve meir, men det irriterer meg at eg ikkje klarte å fullføre.
Eg gjekk inn på nokre av lenkene på kursbloggen , Bibliotek Rollyo No - Miljøvern og søkte på vindkraft. Fekk 5400 treff.
Så prøvde eg Bibliotek Rollyo No-Norske Leksikon. Søkte på Nobels fredspris og fekk 1170 treff.

Så prøvde eg http://www.zuula.com/. Zuula utfører søk på fleire søkjemotorar på ein gong som t.d Google, Yahoo, MSN.Eg søkte på barnelitteratur, fantasylitteratur for ungdom, historiske romanar m.m. og fekk mange treff på kvart søk. Dette gjekk fort. Farta her var litt annleis enn på Rollyo.

tirsdag 8. desember 2009

Ting 17: Origo - norsk utvikla møtestad for debatt og samarbeid



Norskutvikla verktøy for "meningsbryting, samarbeid og kos i norske byer og lokalsamfunn". Det er ein møtestad for folk med felles interesser. Kvar sone har si eiga framside der medlemmane kan blogge bilde, dele bilde, legge ut artiklar osv.
Samarbeid ved hjelp av Origo er spesielt eigna
a) for grupper som er så store at det er vanskeleg å samle dei på ein stad
b)geografisk spreidde grupper
c) laust definerte grupper som t.d. eit burettslag der folk flyttar ut og inn, foreldregrupper i ulike lag der folk vert skifta ut med jamne mellomrom . Det gjeld forresten alle lag og organisasjonar. Folk vert skifta ut, men med Origo har alle tilgang på historikken , kva som har skjedd før, kva som er gjort osv. Med samarbeid i ei origosone får alle lett oversikt over aktiviteten, kan sjå bakover i historikken , legge ut nye artiklar/forslag til aktivitetar og vite at dei som er engasjert i arbeidet ser kva som skjer. Ei sone har verktøy for å snakke saman og organsere aktivitet t..d kalendar for aktivitet.
Eg logga meg inn, la inn litt om meg sjølv, alder, yrke, bilde, interesser(veldig lite), valde lokalsamfunn: plasserte markøren på kartet. Prøvde å finne ei fast lokalsone, men fann inga som høyrde til det område eg hadde klikka med inn på kartet. Prøvde å finne ei sone for nærliggande område, men fann inga som eg syntes var nær nok.
Så klikka eg på"finn soner", søkte på litteratur og melde meg inn i sonene:"Lese bøker" og "Litteratur i Vestfold" Så inviterte eg ein venn til å vere med i Origo.no, men har ikkje fått svar. Søkte etter folk og brukte mange "bibliotekarnamn", men fann ingen.
Eg oppretta eiga sone og kalla den "Eikrem Velforeining", valde mal og at den skulle vere open for alle som ville melde seg inn og skreiv litt om sona.
Veit ikkje om eg har gjort nok på denne oppgåva, men synes det viktigaste er vel å orientere seg , vite at origo finst og utvikle sida si, opprette eller melde seg inn i fleire soner ved behov.Slik er det vel med alt på dette kurset.
Trur eg må seie meg ferdig med Origo.

søndag 6. desember 2009

Ting 16: Mashups


Dette verka heilt "gresk", men begynte å lese litt og sjå litt på det. Får håpe det har "demra " litt iallefall.
Ein mashup er altså ei nettside eller en webapplikasjon som kombinerer innhald frå to eller fleire kilder til ei ny teneste .
Tok oppdagingsturen. Klikka på bildet på kursbloggen for å sjå på mashupen dei har laga på Ann Arbor District Library. Fekk beskjed om at sida ikkje vart funna.
Talis - prototype på ein annan mashup som kombinerer bibliotekkatalogar med google maps og Amazon
Klikka meg også inn på Whisper - bildet som stod på bloggen(ti på topp, dagens bok osv).
Las om Library Thing Thing - det handlar når det oppdagar søk som kombinerer Library Thing med bibliotekkatalogar.
Kika på det nye norske Biblioteklaboratoriet - konkurranse i å lage mashups med bibliotekrelatert innhald.
Las om mashups på Wikipedia (norsk).
Mashups Awards er ei handplukka "showcase" av dei beste web mashups, over 500 mashups er arkivert i meir enn 40 kategoriar.Mashup Awards er ei nettside som kårar beste mashup kvar dag og kvar månad.
Så til det praktiske: Søkte på "authors" og fekk opp mashupen "Book Tour" - verktøy for bokpromotering. Tillet forfattarar på alle nivå å legge opp bokturneèar på bestemte stader. For lesarar og publikum gjer "Book Tour" det like lett å finne ut kva tid favorittforfattaren kjem til staden der ein bur som å sjekke veret.
Så søkte eg på "books" og fekk opp fleire mashups, mellom anna "Authr" som vart min favoritt. Klikka på "visit authr" og søkte på Maria Parr og fekk jamen treff på henne endå så ny ho er. Står oppført berre med ei bok, ikkje fått med den siste. Står når og kvar ho er fødd,kvar ho studerer og har lenke til artikkel på Wikipedia.
Så søkte eg på Jon Fosse og fekk treff sjølvsagt. Fekk opp kor mange bøker han har gitt ut, liste over titlane, årstal for når bøkene er gitt ut, forlag, innbinding. Har også lenke til Amazon - kan nettshoppe.
Tidslina er det mest spesielle her- viser når bøkene er utgitt på ulike språk. Begynner med dei nyaste og så bakover til dei eldste. Veldig artig. Knut Hamsun søkte eg også på sidan det er Hamsun-år.
Fekk også sjølvsagt treff på Astrid Lindgren.
Zoomi - her er det muligheit til å søkje i bokhyllene, men forstod det sånn at eg måtte opprette ein konto for å kome inn. Berre engelske bøker her.
Twizon - ein mashup som viser Amazon bøker, musikk og filmar som folk snakkar om på Twitter.
Map Amazon.com viser heile bokomslaget på Amazon.com - organisert/ordna i fargekoda kategoriar ordna etter nummer på bøkene- t.d Childrens`s books - oransje, Arts and photograpy- grønt. Klikka meg litt inn og såg, men gjorde ikkje meir med det. oversiktleg, men trur ikkje det vert brukt med meg.
Bookr er ein mashup som tillet folk å lage si eiga digitale bok. prøvde på det, men fekk den ikkje
inn på bloggen min.
Det fins mange slags mashups, men har halde meg til dei "boklege".
Kan ein kalle Ønskebok.no ein mashup? Då ville det vere ein fordel for meg at denne vart vidareutbygd.


torsdag 3. desember 2009

Ting 15: Leik med bilde


Det er mange ulike tenester for å leike med bilde, lage plakatar , puslespel m.m. Kan også lage magasinforside og filmplakat.Fellesnamn for tenestene er bildegeneratorar,kan laste opp bilde frå eigen PC og omforme dei. Nokre generatorar der ein ikkje lastar opp bilde sjølv , men skriv inn tekst form farge og innhald på t.d. eir bokomslag Gjekk inn på bughugelaps og klikka på Popart Poster, , lasta opp bilde frå datamaskinen min, valde popartposter, valde kvar bilde skulle plasserast, top, center, left osv. Valde storleik osv., så Create, trur i alle fall at det var slik. Synes Arnhild som snart skal slutte på Ørsta folkebibliotek fortente å "bloggast". Ovanfor ser de resultatet.



Så prøvde eg meg på magasinforside.


og filmplakat.



Gjekk inn på htttp://www.txt2pic.com, lasta opp eit bilde av meg sjølv, prøvde med ulike ramer, spesielle effekter o.l. Resultatet vart forferdeleg.
Var også innom http://www.blyberg.net/card-generator. Katalogkort frista ikkje no. Får kome tilbake til det i ei"sentimental stund".
Kan halde på evig, men må gi meg no. Fleire oppgåver ventar.



tirsdag 1. desember 2009

Ting: 14: Personlege forsider eller startsider


iGoogle
Originally uploaded by HiDeoo


På ei personleg forside kan ein samle nyttig informasjon som t.d. få ei oversikt over nyaste e-postar, få sin eigen aktivitetskalendar, det lokale veret,nyheiter frå aviser, feedar på emne ein har søkt på i bibliotekkatalogar osv.
Det er to startsider som er populære i Norge: iGoogle og Netvibes .
Tok "ein tur" på Netvibes. Har same funksjonane som iGoogle : eigendefinerte faner, feedar og modular som kan delast med andre på ulike måtar.
Denne type tenester kallast personifisering.
Tok oppdagingsturen. Gjekk inn på http:www.google.com/ig og utforska litt. Kan logge seg inn med Google-konto eller la vere når ein lagar sida si. Klikka på "Legg til ting"- Dagbladet.no, It-avisen.no osv.Kan legge til ting i det uendelege. Kan også søkje etter modular. Kan sortere modulane etter språk, mest populært, flest brukarar, nyast osv.Avgrense kategoriar kan ein også.
Utforskinga gjekk ut på det same som oppdagingsturen: Klikka meg inn på iGoogle, oppretta startside, la til ting:Gmail (kan sjå e-posten min), Google-nyheiter, Dagbladet.no, Youtube, It-avisen, Bokmerke osv, modul for ver og modul for tid og klokkeslett.Når ein trykkjer på "legg til" kjem det opp:kanskje du er interessert i. Klikkar ein der, så kjem det fleire element ein kan legge til, så dette er uendeleg.
Klikkar ein på pila på den blå linja på modulen kan ein redigere innstillingar ( eg redigerte vermodulen- ville heller ha veret i Ålesund enn i Oslo), slette modular, minimere modulen osv.
Søkte opp Facebook elementet. Knytte saman Google Gadget med Facebook. Valde eit tema (flower) for å tilpasse utsjånaden på sida. Flytta tilslutt på nokre av modulane/elementa for å få dei i anna rekkefølge.
Synes dette var enkelt, så eg håper eg har forstått det rett. Eg skriv altfor detaljert, men må minne med sjølv på kva eg gjer.





mandag 30. november 2009

Ting 12: Sosiale bokmerke










Tok oppdagingsturen via kursbloggen.
Surfa litt på StumbleUpon . Der kan ein finne interessante bilde, videoar og nettstader som er basert på eigne interesser. Står oppramsa, humor, kunst, bøker osb. Haka først av på kunst og "stumbla" nokre favorittar. Det same med bøker. Kunne trykkje på "I like This", så "Share". Delinga kunne foregå via gmail, facebook, del.cio.us, osv. Logga meg ikkje inn, berre klikka og såg litt. Favortittane mine vart såleis ikkje delt med nokon.

Blinklist hoppa eg over.

Såg litt på den lenkesamlinga Buskerud fylkesbibliotek har lagt ut på Del.icio.us.
Så las eg artikkelen på Din side om Del.icio.us.Den var grei og instruktiv.
Del.icio.us er ei sosial bokmerkingsteneste for å bokmerke ei webside og legge til taggar for å kategorisere bokmerka sine.
Så klikka eg meg igjen inn på Del.icio.us og utforska så godt eg kunne. Prøvde å bruke oppskrifta frå Din side. Logga meg inn med Yahoo-adressa mi. Såg litt på kvar side/fane før eg begynte å søkje. Der er ei side/fane med Home.Der kan du sjå nye bokmerke, populære bokmerke og uforske taggar. Så er det ei fane/side for bokmerke der ein mellom anna kan klikke seg inn og sjå sine bokmerke.Så er det ei fane/side for People der ein kan klikke seg inn å sjå nettverket sitt.Så Tags, der ein kan finne taggane sine og "Subscriptions" - der ein kan abonnere på bokmerke frå brukarar ein synes er interssante. Men først må ein søkje opp og legge inn bokmerke, taggar osv. før ein kan finne igjen noko på desse sidene.
Eg søkte på barnelitteratur, ungdomsbøker, hestebøker, julebøker osv. Laga taggar, "renamed" taggar og laga "tagbundles"( slo saman eksisterande taggar til eit større emneord)."Saved" bokmerke, la til brukarar eg syntes såg bra slik at eg fekk eit nettverk.
Synes dette var greit å bruke,men av og til klikkar eg så mykje at eg lurer på kva eg har gjort.
Ein kan finne utruleg mykje som kan interessere.
Det viktigaste med Del.icious er vel det at ein får samla og systematisert bokmerka sine og at ein kan får tilgang på på dei på kva som helst PC. Det at ein vert kobla saman med andre og få utvida sin horisont er bra.
Dette kan sikkert brukast i referansearbeidet, men eg må tenkje litt på korleis eg skal få tid til å bruke alt eg lærer.

lørdag 28. november 2009

Ting 11: Organiser bøkene dine




Library Thing
Originally uploaded by Hillwalker-ca


Dette var så kjekt at eg har problem med å slutte,men eg kan ikkje ta meg tid til meir.
Library Thing er ein nettstad der ein kan lage sin eigen bokkatalog, ha oversikt over bøker ein eig, bøkene ein har lese eller har lyst til å lese osv.
Tok oppdagingsturen om Library Thing: online service for å hjelpe folk til å katalogisere bøkene sine på nett. Las at det er gratis opptil 200 bøker.
Ein kan legge ut informasjonen sin, tagge bøker med eigne emneord eller bruke The Library of Congress eller Deweysystemet for å organisere boksamlinga si. Kan også ha Facbook for bøker: ein kan sjekk ut andre folk sine samlingar , sjå kven som har mest like samlingar som si eiga osv.
Library Thing vart oppretta av Tim Spalding- webutviklar frå Portland. LibraryThing er ein fin nettstad for lesarar og samlarar å møtest. Kan også ha forfattarprat her.
Tok virituell omvisning på Library Thing.
Så begynte eg på det praktiske. Klikka meg inn på http://www.library.thing.com/ og registrerte meg med eit passord og brukarnamn som eg fann på- så enkelt. La til Deichmanske bibliotek og Nasjonalbiblioteket før eg begynte å søkje opp titlar.,dvs. eg prøvde først og fekk ikkje treff, så forstod eg at eg måtte legge til norske bibliotek. Kan også bruke Norbok og Sambok sine baser.Søkte opp titlar på bøker, la til eigne emneord(sjekka ikkje om dei var autoriserte), skreiv bokmelding, endra omslag på nokre av bøkene osv. SÅ KJEKT!!
Melde meg inn i gruppa Norske Bibliotekarer.Mange andre grupper å melde seg inn i mellom anna "Litteratur på norsk "og grupper om 23 ting. Kan også melde seg ut av grupper og inn i andre.
Library Thing har ein si eiga profilside, heimeside m.m. Sjekka tag-clouden (emneordsky: viser medlemmet sine eigne emnord, emneordspegel viser korleis heile Library Thing samfunnet emnemerkar dei same bøkene). Statistikken viser priser, stader osv. der boka ein har lagt inn er nemnt.
Logga meg også inn på htttp://bokelskere.no. Veldig lettvint å logge inn der også med passord og brukarnamn ein har bestemt sjølv. La inn nokre av dei same bøkene her som på Library Thing, men skreiv ikkje omtale. På denne nettstaden skulle eg gjerne har vore lenge, men eg har ikkje tid. Ser i alle fall at dette er noko eg har lyst å gjere meir med.
Kontoen min : http://no.librarything.com/catalog/barstad
og http://bokelskere.no/Karen

Det viktigaste med desse nettstadane er at dei er så enkle at kven som helst kan bruke dei. Dette må vere noko å foreslå for våre ivrigaste lånarar/lesarar.

Så får eg prøve å legge inn eid Widget tilslutt:











torsdag 26. november 2009

Ting 10: Musikk





Las gjennom kursbloggen og det som stod på "23tingdiskusjonar"


Last.fm er en internettradio og musikknettstad. Ved å bruke eit "musikkforslagssystem" - system som brukast for å anbefale musikk for brukaren basert på kva ein har høyrt tidlegare. - "autoscrobbler"(Wikipedia), kan Last.fm bygge ein detaljert profil av musikksmaken til kvar brukar.Det er enkelt å gå på oppdagingsferd og finne andre med same musikksmak. På Last.fm kan ein melde seg inn i ulike grupper, tagge sine favorittar osv. Det er enkelt å lytte til kvarandre sine radiostasjonar. Klikka meg inn på ulike faner og prøvde å sjekke ut Last.fm, men eg gjorde ikkje noko meir med det sidan det vart betalingsteneste for dei som bur utanfor USA, Storbritannia og Tyskland frå april 2009.Royalties og copyright set begrensingar for slike gratis internett-tenester. Det gjeld også Pandora ( grunna lisensavtaler kan denne nettstaden nyttast berre utanfor USA).

Spotify er ein nettstad for streaming av musikk, men her må ein ha invitasjon frå andre for å registrere seg.


Var innom MySpace også og oppretta ein konto .
Søkte på Vassendgutane (under videofana), fann ein video som eg prøvde å få inn på bloggen min, men det klarte eg ikkje.
.

Finetune
har eg også utforska litt. Det er eit gratis alternativ til Last.fm ogt fungerer nesten på same måte. Her kan ein høyre musikk som "stream", men ikkje laste ned. Høyrde på smakebitar av Hanne Boel m..a. kan høyre berre 30 sek.av kvar låt. Ein kan søkje på artistar, taggar, album m.m.

Dette med musikk har eg ikkje lagt sjela mi i. Har sett på og sjekka ut litt her og der og ser at ein kan få anbefalt musikk, finne artistar og finne deira konsertplanar , dele sine musikkinteresser på ulike venestader(Facebook og Twitter) osv.Føler at dette er noko eg ikkje kjem til å bruke.

Har nok med å høyre musikk på"gamlemåten "- CD og vanleg radio.

Desse nettstadane er sikkert fine å bruke på musikkbibliotek eller større musikkavdelingar, men tvilar på at dette vert brukt i Ørsta i mi tid. Der vil eg nok vere til hinder for utviklinga.




























































































onsdag 18. november 2009

Ting 9: Video







You Tube kan ein enkelt laste opp sine eigne filmar. Det er også enkelt å lage ei lenke på eigen nettstad slik at ein kan vise filmen på eigne sider. Denne funksjonen heiter embed. Opprettar ein konto på You Tube kan ein også bokmerke sine favorittar.Tok oppdagingsturen via" TV commercials "til "library dominos" og bibliotek som viste kva dei gjorde ppå ein vanleg dag -"Ray of light". Såg filmane frå Kongsberg kommunes kulturteneste. Lett å finne fram på YouTube. Søkte på bibliotek og fann fleire videoar. Valde filmen frå Barnens bibliotek om Martin Widmark. Valde dette fordi han er ein svært populær forfattar, og eg trur det hadde vore kjekt å vise den på eit klassebesøk i rett aldersgruppe. For å få den inn på bloggen kopierte eg lenka, klikka på fana "Rediger HTML" og limte inn lenka. Trykte så forhåndsvisning. Så trykte eg på "Skriv" Denne funksjonen kallast embed.Fekk tips om at David hadde lagt inn ei oppskrift på 23ting diskusjonar.






Gjorde det same for å få inn Kjellen Bigset. Søkte på Ørsta. Må ha med litt humor frå Ørsta også.
Slik kan ein halde fram. Fann mange filmar frå Ørsta. Lett å hente inn frå You Tube. Klikka meg også inn på dei andre populære nettstadane Yahoo Videos. Søkte på bibliotek der også og fann ein film om Karius og Baktus på Rødberg bibliotek. Gjekk så inn på Google Videos, søkte på Ørsta og fann mellom anna ein film frå/om Ørsta skisenter.Klikka meg inn på Jumpcut.com - nettstad for å laste opp, editere og dele videoar. Var også innom dei norske teneste: Sol Klipps og Dagbladet blink.

Eg nøyer meg med You Tube. Har ikkje større ambisjonar enn å finne filmar der og legge dei inn på blogg og heimeside t.d.







mandag 16. november 2009

Ting 8: Podkasting


























Lilla og oransje var ikkje fint ilag, men måtte liksom prøve å laste ned to "Ikon" til same innlegg. Podkasting er ein måte å publisere lyd-eller videopptak på internett. Vert distribuert via RSS slik at ein og kan legge inn abonnement på google.reader.Med podkasting vert favorittprogrammet sendt direkte til abonnent/mottakar som datafiler.Fordi
iTunes som er eit gratisprogram for Apple er det det dei fleste forbinder med søking etter podkastar. Det fins mange oversikter over podkastar t.d. Podcaster.no: Der var ei liste over podkastar. Klikka meg inn på litteratur - ingenting av interesse. Same med Podcast.alley - ulike Podcast genre -ingen relevante.
Desse krev ikkje at ein lastar ned noko program i motsetnad til iTunes. Gjekk inn på Podcasts på iTunes. Gjekk inn på denne , lasta ned iTunes -logga meg inn med gmailadresse.Her rota eg og forstod ikkje dette heilt.
Klarte å laste ned og høyre på tidlegare "Bokprater" frå Stavanger bibliotek.
Så klikka eg meg inn på" Litteraturhalvtimen" - Sandefjord bibliotek. Abonnerte på bibliotekpodkast frå Sandefjord- kopierte adresse -gjekk inn på google.reader, la til abonnement - limte inn adresse.
Studerte også litt på Bokpod frå Gjøvikbiblioteka, og abonnerte på det.
Gjekk inn på NRK - klikka meg inn på radio og fann ei liste over lydpodkastar. Prøvde å abonnere på Bok i P2. -kopierte urlen og limte den inn i google.reader under legg till abonnement. Finn her også ei oppskrift: "Podkasting -slik gjør du". Oversikt over alle NRK sine podkastar finn ein på:NRK Podkast . Dei er også delt i to lister over lyd og videopodkastar.NRK likte eg.

Har klikka meg inn på Tromsø, Trondheim og Kristiansand bibliotek. Fann ikkje podkast der. Klikka med inn på Aarhus statsbibliotek. Der kunne ein klikke på hør nettradio, eler bestille kopi av radioprogram, men det er no ikkje det same som podkast.

Synes podkast er veldig interessant. Alle nye måtar ein kan innhente og gi informasjon på er spennande, men å lage podkast sjølv for små bibliotek ser eg på som umulig. Dette er noko ein må kunne skikkeleg og ein må ha nok personale til å gjere det. Med den bemanning det er i dei fleste bibliotek i Møre og Romsdal trur eg det er vanskeleg å få til, sjølv om fleire bibliotek samarbeider. Det finst eit hav av spennande arbeidoppgåver ein kunne tenkje seg å gjere, men dei daglege gjeremåla tek tid.



















søndag 8. november 2009

Ting 7: Wiki



Wiki -eit Webverktøy som var laga av Howard G. Cunningham i 1994. Gir mogleigheit til å redigere nettsider direkte i nettlesaren. Alle brukarar kan legge inn informasjon til eikvar tid - kan bygge opp eit fellesarkiv med informasjon.

Wikiar er sjølvorganiserande. Øvre kontrollinstans er brukarane sjølve og det er den sosiale kontrollen som sørger for at informasjonen wikien inneheld er korrekt og oppdatert. Ikkje alltid den sosiale kontrollen fungerer.

Fordelar med Wiki: Alle kan bidra med kunnskap. Endringar vert lagra og ein kan alltid gå tilbake til ein tidlegare versjon av artikkelen.

Wikipedia - den mest kjende og største wikien. (Skriv det eg les for å få det inn i "haudet", men det hadde sjølvsagt ikkje vore nødvendig å publisere det).

Tok oppdagingsturen :1: Såg ein film om Wiki- kort gjennomgang av korleis ein kan bruke wikien - kortsagt publiser -lagre - lenke(til andre sider t.d.)

2: Las om Wiki på norsk Wikipedia: Wiki og Wikiwiki er eit omgrep som vert brukt til å identifisere ein spesiell type hypertekstsamling av dokument eller gruppevaren som vert brukt til å lage slike samlingar.Wikiteknologi senkar brukarterskelen av nettsider -treng ikkje kunnskap til html for å publisere. Ein wiki - laga med det mål å gi lesaren moglegheit til å bidra med og endre innhald ved bruk av eit "markup language" - (digitalt språk med syntaksreglar for formatering).

Wikiteknologien er også kalt "tovegs-web" Ingen eigarskap til sidene.

3. Las om diskusjonen til artikkelen om palestina på Wikipedia.

4: Såg på historikken til artikkelen om Drammensbiblioteket.
Så prøvde eg meg på oppgåvene.
Såg videoen - kort gjennomgang av korleis ein kan bruke wikien -Trygt/sikkert samarbeid, administrere prosjekt og bygge opp intranett.
Så logga eg meg inn meg epostadr. og passord: 23ting - oppretta konto(created a PBworks account). Så gjekk eg inn på sida i wikien der ein skulle skrive om ei bok. Det gjekk greitt tilslutt, men hadde litt angst i starten, for eg var redd for å slett andre sine innlegg. Skreiv om boka mi og trykte"save".
Så gjekk eg inn på sida:"En film jeg nettopp har sett". Klikka på"edit page" og skreiv. Søkte opp imdb.com(Internet Movie database), så søkte eg opp filmen der og fekk eit treff på den - kopierte urlen som gjaldt akkurat berre den filmen , så kopierte eg og limte inn (hadde klikka på lenkeikonet og merka tittelen på filmen før eg søkte opp urlen). - Lenka altså tittelen på filmen til filmens innførsel i IMDB. Detaljert og tungvint forklaring, men det hjelper meg å huske alle detaljar i det eg gjer. (kjedeleg å lese for andre). Så "save". Arnhild som eg jobbar saman med lærte meg dette. Mykje nytt for meg! No tru eg eg får det til. Hadde tenkt meg fram til nesten rett løysing , men godt å få det forklart skikkeleg.
Så siste oppgåve. oppretta ny side med det fantasifulle tittelen "Birgittsida". Ikkje for å vere sjølvdiggar, men fantasien set grenser. Klarer ikkje å finne på noko, så valde same namn som på bloggen. Skreiv noko på sida og trykte "save". Så prøvde eg oppskrifta til Heidi D. for lenking. Er ikkje sikker på om eg har fått det til.

Også Wiki er nytt for meg. Har vore på wikipedia og lese om forskjellige emne, men aldri publisert noko. Kjekt å lære. Ein wikie kan byggast ut frå ei side (eller vere berre på ei side) ved at ein opprettar nye sider og lenker fleire sider til kvarandre.
I bibliotek kan ein bruke wikiar til å halde kvarandre oppdatert om ulike emne, diskusjon om ulike emne osv. kan opprette wikiar om ulike bibliotekfaglege emne ,skrive inn det ein kan om emne osv.t.d. datakunnskap eller litterære emne.

Ting 5: Bilde og taggar


Berte kanutte
Originally uploaded by Birgitt Barstad
Knytte Picnic.com til Flickr-kontoen min. "Uploada" bilde og publiserte det på bloggen min etter å ha endra temperatur, farge og skarpheit på bildet på Picnic.som. har trøbla eindel, men trur eg forstår litt no.

tirsdag 3. november 2009

Ting 5: Bilde og taggar

BIBLIOTEKET PÅ HØGSKULEN i VOLDA:

Her finn Volda-studentane lærdommen/ kunnskapen sin.

No trur eg eg lastar oppp bilda rett på Flickr.
Kanskje kan eg sjå litt meir på Picnic.com. Har lest om alt som kan gjerast med bilde der, men får sjå om eg gjer noko med det i praksis no.

mandag 2. november 2009

Ting 5: Bilde og taggar


ørsta
Originally uploaded by Birgitt Barstad
Dette er ei bilde av Ørsta eg fann på Flickr. Det viser Ørsta frå ein annan vinkel enn vanleg. Ørsta er flott frå alle vinklar. kan godt forstå Ivar Aasen som "ingen stad venare kunne sjå". Nok skryt!

Ting 5: Bilde og taggar


Helgehornet
Originally uploaded by Rotill

HELGEHORNET -Dette er mitt fjell. Mine fjellturar går oftast hit. Her er flott utsikt. Vi ser Dalsfjorden, utover "i øyane", dvs. Herøy, Ulstein. Vi ser også Ørsta. Det heitest at herifrå har ein utsikt til sju prestegjeld. Helgehornet ligg nær der eg bur og er lett å gå på. Flott turmål for små og store!

Begynte vel litt i feil ende med å legge ut bilde først.
Bildedelingsnettstader har eksistert sidan 90-talet. Flickr har vorte den raskast veksande nettstaden. Det var også ein av dei første nettstadane som brukte "tagging" for å skape assosiasjonar og forbindelsar mellom fotografi og brukarar av nettstaden.
Ein kan også editere sine bilde på nettet. Picnik.com er ein svært brukarvennleg nettstad for det formålet. Eg gjekk gjennom kva ein kunne gjere der, men eg oppretta ikkje konto. Trykte på "edit a photo", så "upload", fekk opp eit bilde av Morkabygda. Trukte på tilviste"knappar" for å få det skarpare, prøvde å rotere det osv. Kan beskjære og fjerne ting frå bilde m.m.
Taggar -nøkkelord eller etikettar, merkelappar ein set på bilde for lettare å finne dei igjen.
Så las eg om ulike måtar å hente opp bilde frå Flickr på. Lærte kva "Sets" er: Ei gruppe foto ein kan organisere rundt eit spesielt emne, t.d Englandstur, Vår osv. Bygge vidare til "Collections" - gruppe"Sets" som ein kan organisere rundt større tema.
Ein kan bestemme kven ein vil dele bilda med, "Maps" - kvar bilda er tekne osv.

Eg utforska Flickr, oppretta ein konto via Yahoo på Flickr, søkte på bilde, trykte på "Log this blog" -Birgittbloggen. Dette har eg gjort i kveld. Søkte opp fleire bilde også. Trur ikkje eg har gjort rett dette med tagging og eg veit heller ikkje om eg har fått inn bilda på rett måte. Får sjå på det i morgon.Sikkert tulla litt.

Må studere dette litt meir. Må sjekka at eg har lasta opp bilda rett frå Flickr. Så trur eg at eg blandar taggar og etikettar sjølv om det er det same.


Ting 5: Bilde og taggar


Eikrem
Originally uploaded by C-horse
Dette er grenda eg bur i. Det er lita grend i Morkabyda. sju småbruk og nokre få hos. Her har vi namn på alle markar (innmark) og også utmark. Fin natur. Veret er ikkje det finaste på dette bildet, men det slikt ver det er mest av.

lørdag 31. oktober 2009

Ting 6: Venestader


Der er mange populære venestader på nettet: Twitter, Myspace , Facebook m.m.Venestader er eit fellesbegrep for sosiale brukarstyrte nettstader. Kjenneteikn på venestadane er at ein opprettar ein personleg profil- her kan ein laste opp bilde og fortelje om seg sjølv. Den viktigaste funksjonen til ein venestad er å skape nettverk - kan legge til vener ved å sende spørsmål til andre om å vere "vener". Ein får følgje med kva andre driv med og kven som er vener med kven for den som er interessert i det.
Har gått gjennom oppdagingsturen via MySpace. Kontrollerte URL-adressa i nettlesaren. Vart oppmode om å sjekke at ein besøkte det ekteMySpace. Kunne bla gjennom brukarar, finne personar, velje kjønn, alder, kunne velje om dei skulle vere gifte, single m.m. og kvifor dei var på MySpace: dating , finne vener, nettverksbygging m.m og kunne også velje kvar dei skulle bu.
Tok ein kik på Twitter - gratis service som lar oss kome i kontakt med folk gjennom raske, hyppige svar til eit enkelt spørsmål: Kva styrer du med?
Kika også på Underskog - ein utelivskalendar som vert oppdatert av brukarane sjølve.
Har lese gjennom personvern -Facebook. Viktig å få med seg.
Har tidlegare oppretta profil på Facebook, men har ikkje brukt det i det heile teke. Gjorde det berre for å sjå om eg fekk det til. I dag søkte eg opp nokre personar eg kjenner og ba om å verte lagt til som ven. Lasta opp eit bilde( "Haust"). ville ikkje ha bilde av meg sjølv, finare med haustbilde. Det går vel an??
Til slutt søkte eg opp og melde meg inn i gruppa "23 ting om 2 null" og var imponert over meg sjølv at eg fekk det til. Skreiv også eit par setningar der.
Trur kanskje at eg kjem til å bruke "Facebook" av og til, men kan ikkje la vere å tenkje på at dette er litt"Se og hør" opplegg, sjølv om ein er advart not å legge ut sensitive personopplysningar.

torsdag 29. oktober 2009

Ting 4:Direkte kommunikasjon


Har lese gjennom kursmanualen og fått ei forståing av kva direkte kommunikasjon , IM, er. Dette er også ukjent område for meg. Har aldri chatta før.
IM er tekstbasert kommunikasjon over internett mellom to eller fleire personar. Begge(alle) må vere pålogga samstundes og meldingane ein skriv viser på den andre sin skjerm med ein gong. Kan minne om e-post, men er raskare.Får iallefall svar med ein gong i motsetning til e-post der mottakaren kan svare når han finn det for godt.Det fins mange program for direkte kommunikasjon:Gtalk, Skupe, Yahoo, MSN m.m. fleire har støtte for lyd og bilde i tillegg til tekst. Alt er gratis etter det eg les. Eg prøvde meg på Gtalk. Klikka meg inn påGtalk via kursmanualen, oppretta Gtalk-konto.Brukte gmail-adressa frå tidlegare.
Brukte også den same adressa og oppretta.netpassport med MSNkonto på Windows Live.
Har prøvd å chatte på begge og det har gått greitt. Lurte på vitsen med to chattestader, men har hørt og no også sett at i Windows Live kan ein gjere mykje meir enn berre å chatte.
Eg inviterte og oppretta kontakter. Kan (har ikkje gjort det sjølv) opprette chattegrupper på inntil 20 personar samstundes. Har lagt inn opplysningar på sida mi i Windows Live, gjort endringar i profilen min, la til personaR via e-postadresse eller personar eg kjende.I Windows Live kan ein samle aktiviteten sin ved å legge til nettstader ein bruker. t.d.Facebook. Veit ikkje kor mykje eg kjem til å bruke dette. Artig å lære det, men bruke det?? I alle fall ikkje dagleg.

søndag 25. oktober 2009

Ting 3:RSS og Atom -Framhald

Del 2: Skreiv for mykje i stad, klarte ikkje å lagre det, så eg må halde fram i nytt innlegg.
Har valt Gooogle-reader, oppretta konto. Abonnert på Aftenposten nettutg,. NRK-siste kultur, Dagbladet.no, Blackhouse girls, the Glamorous Librarian, Plinius, Ungdomsboka, Nynorskbok.no.Klikka meg inn på "Innmatingsinnstillinger" for å sjå på ulike val:kan merka av innlegg som lest, sortere nyaste, eldste innlegg m.m.
Har sjølvsagt lagt inn altfor mykje(i tillegg kom automatisk dei bloggane eg følgjer), men det gjekk på ein måte sport i å "klikke" inn.
Alt er nytt for meg. Har ikkje hatt klart for meg kva RSS var, berre høyrt om det, men heretter kjem eg til å bruke det. Synes alt er interessant og har lyst å lære meir. Føler meg litt på gyngande grunn, men håper eg kan få det litt meir "i blodet" etterkvart. Har det nok ikkje" medfødt" som den yngre garde.

Ting 3: RSS og Atom


No har eg lese om RSS og Atom i kursmanualen og på Wikipedia. RSS står for "Really simple Syndication" og er ei ordning der ein nettlesar på ein datamaskin hentar nyhende eller anna materiale frå internett fortløpande. RSS(enkelt XML-basert filformat) vert som oftast brukt for å abonnere på nyheiter frå ulike nettstader. Ved å tilby RSS gir nettstaden brukarane eit standarisert format som kan brukast i mange forskjellige RSS-lesarar.
Ein RSS-lesar kan sjekke brukarane si abonnementsliste og vise dei kildane som har nye eller oppdaterte artiklar. Det er i dag vanleg å finne RSS-støtte på små og store nettstader. På Nokre nettstader kan ein velje mellom RSS og Atom. RSS gjer det lettare å følgje med på bloggar og andre nettstader ein følgjer med på.

torsdag 22. oktober 2009

Blogging - Framhald

I dag har eg lese om 1. web 2.0 på wikipedia..
2. Blogging på wikipedia.
Strevar framleis med etikettar og lenker. Har gått inn på "Innstillinger" og sett på alle funksjoner, men får det likevel ikkje til i praksis. Hilde har også gitt meg ei god forklaring,men noko stoppar opp for meg. Klarer ikkje å plassere ting på rett plass.
I dag er eg litt oppgitt. Må søkje kyndig hjelp i morgon.
Det eg har arbeidd med denne veka er å skrive nye innlegg , legge inn bilde, skrive kommentarer til forskjellige bloggar, knyte meg på som "følgar" her og der. Synes eg har fått til dette.
Las også ei spalte i Smp. i går om blogging:"Bra fra bloggverdenen".2009 har vorte "bloggernes år" står det og blogg.no registrerer omtrent 1400 nye bloggar pr. dag. Også henvist til nokre bloggar det er verdt å få med seg, mellom anna "kvitter.blogg.no" - på nynorsk.
Status for meg er at eg meiner å ha forstått kva ein blogg er og og kva web 2.0 er: eit begrep som vert brukt om ulike teknologiar på internett, , brukarane av dei ulike tenestene vert lenka.kan kommunisere , at det er brukaren som skaper innhaldet og deler og samarbeider med dei andre brukarane osv.
Men eg treng altså hjelp til etiketter og lenker - til å få dei inn på min blogg. Det same gjeld RSS - forstår kva det er men ikkje korleis eg skal installere det.
Trøystar meg med at eg kan meir denne onsdagen enn førre onsdag.

tirsdag 20. oktober 2009

23 ting om 2.0.

Har lese gjennom
1: Om Web 2.0, programmet 23 ting og livslang læring: Hva er web 2.0.
2: Blogging .

Les og prøver å "klikke" meg fram. Synes eg har forstått litt, men det står mykje igjen å lære.
Har ikkje heilt fått med meg det med etiketter
Heller ikkje lenker. Må sjå om eg kan finne ut meir.

Skal no begynne å sjå litt på RSS og Atom.

Sæbø



I dag har eg vore på Sæbø filial.
Flott tur gjennom Bondalen i fineveret. Sæbø er ei perle. Etter nokre timar med kassering gjekk Solfrid Holen, filialstyrar, og eg bort på Bellingen kro. Der sel dei kaffi til kr.5,- + at ein kan ta med eigen matpakke. Bellingen er ein treffstad i tillegg til å fungere som butikk, kiosk og post. Veldig viktig for Sæbø-miljøet. Ei eiga stemning på Sæbø, får nesten kjensla av å kome til ei anna verd - litt eksotisk.

mandag 19. oktober 2009

Haust


I høve fineveret synes eg vi må unne oss å sjå på fine haustfargar. Prøver derfor med eit haustbilde.

søndag 18. oktober 2009

Søndag kveld


Dette synes eg er artig, men mykje å halde styr på for ei gamal kjerring som aldri har blogga før.
Vil i alle fall prøve å lære, så får vi sjå korleis det går.
Flott haustdag i dag. Har gått min vanlege tur rundt Håskjold og Morkabygda.

torsdag 15. oktober 2009

Min første blogg

23 ting om 2.0
Dette er nervepirrande og spennande. Håper eg klarer å lære litt. Interessant å høyre på Heidi Ryan.