tirsdag 20. oktober 2009

Sæbø



I dag har eg vore på Sæbø filial.
Flott tur gjennom Bondalen i fineveret. Sæbø er ei perle. Etter nokre timar med kassering gjekk Solfrid Holen, filialstyrar, og eg bort på Bellingen kro. Der sel dei kaffi til kr.5,- + at ein kan ta med eigen matpakke. Bellingen er ein treffstad i tillegg til å fungere som butikk, kiosk og post. Veldig viktig for Sæbø-miljøet. Ei eiga stemning på Sæbø, får nesten kjensla av å kome til ei anna verd - litt eksotisk.

1 kommentar:

  1. For eit flott Sæbø-bilde! Skal eg være ærleg så har eg ikkje spesielt lyst på KF-bøker, nei. Og ikkje veit eg så mange andre som har det heller...
    Her sit eg no da, etter ein lang dag på KS-møte, og skal gjere siste førebuingane til å halde innlegg på bibliotekmøte for Aust- og Vestagder i Kristiansand i morgon. Men må jo ta ei lita stund på blogginga først. Det er jo ekstra kjekt. Vi blir så flinke så, Birgit! Berre vent.

    Ellen

    SvarSlett