søndag 25. oktober 2009

Ting 3:RSS og Atom -Framhald

Del 2: Skreiv for mykje i stad, klarte ikkje å lagre det, så eg må halde fram i nytt innlegg.
Har valt Gooogle-reader, oppretta konto. Abonnert på Aftenposten nettutg,. NRK-siste kultur, Dagbladet.no, Blackhouse girls, the Glamorous Librarian, Plinius, Ungdomsboka, Nynorskbok.no.Klikka meg inn på "Innmatingsinnstillinger" for å sjå på ulike val:kan merka av innlegg som lest, sortere nyaste, eldste innlegg m.m.
Har sjølvsagt lagt inn altfor mykje(i tillegg kom automatisk dei bloggane eg følgjer), men det gjekk på ein måte sport i å "klikke" inn.
Alt er nytt for meg. Har ikkje hatt klart for meg kva RSS var, berre høyrt om det, men heretter kjem eg til å bruke det. Synes alt er interessant og har lyst å lære meir. Føler meg litt på gyngande grunn, men håper eg kan få det litt meir "i blodet" etterkvart. Har det nok ikkje" medfødt" som den yngre garde.

1 kommentar:

  1. Det går jo så det susar, Birgitt! Ting 3 er ført opp i framdriftsskjemaet!

    No kan du berre gå laus på Ting 4 Direkte kommunikasjon! På msn er eg Kursleiar 3 og du kan legge meg til med adressa: mr23ting@hotmail.com.

    Lukke til!

    Hilde :-)

    SvarSlett