torsdag 29. oktober 2009

Ting 4:Direkte kommunikasjon


Har lese gjennom kursmanualen og fått ei forståing av kva direkte kommunikasjon , IM, er. Dette er også ukjent område for meg. Har aldri chatta før.
IM er tekstbasert kommunikasjon over internett mellom to eller fleire personar. Begge(alle) må vere pålogga samstundes og meldingane ein skriv viser på den andre sin skjerm med ein gong. Kan minne om e-post, men er raskare.Får iallefall svar med ein gong i motsetning til e-post der mottakaren kan svare når han finn det for godt.Det fins mange program for direkte kommunikasjon:Gtalk, Skupe, Yahoo, MSN m.m. fleire har støtte for lyd og bilde i tillegg til tekst. Alt er gratis etter det eg les. Eg prøvde meg på Gtalk. Klikka meg inn påGtalk via kursmanualen, oppretta Gtalk-konto.Brukte gmail-adressa frå tidlegare.
Brukte også den same adressa og oppretta.netpassport med MSNkonto på Windows Live.
Har prøvd å chatte på begge og det har gått greitt. Lurte på vitsen med to chattestader, men har hørt og no også sett at i Windows Live kan ein gjere mykje meir enn berre å chatte.
Eg inviterte og oppretta kontakter. Kan (har ikkje gjort det sjølv) opprette chattegrupper på inntil 20 personar samstundes. Har lagt inn opplysningar på sida mi i Windows Live, gjort endringar i profilen min, la til personaR via e-postadresse eller personar eg kjende.I Windows Live kan ein samle aktiviteten sin ved å legge til nettstader ein bruker. t.d.Facebook. Veit ikkje kor mykje eg kjem til å bruke dette. Artig å lære det, men bruke det?? I alle fall ikkje dagleg.

2 kommentarer:

  1. Ja det er du verkeleg, Birgitt! Beint fram flink! Ting 4 er merka av i framdriftsskjemaet :-)

    Til det du seier om to chattestader: Det er ikkje meininga at de skal nytte fleire, men sjå på kva dei har å tilby for så å nytte ein av dei.

    No er det berre å kaste seg over Ting 5 - lukke til!

    Hilde :-)

    SvarSlett