tirsdag 20. oktober 2009

23 ting om 2.0.

Har lese gjennom
1: Om Web 2.0, programmet 23 ting og livslang læring: Hva er web 2.0.
2: Blogging .

Les og prøver å "klikke" meg fram. Synes eg har forstått litt, men det står mykje igjen å lære.
Har ikkje heilt fått med meg det med etiketter
Heller ikkje lenker. Må sjå om eg kan finne ut meir.

Skal no begynne å sjå litt på RSS og Atom.

2 kommentarer:

  1. Hei!
    Såg ikkje kommentaren din før no, malen min hadde så duse fargar at det viste så dårleg, no har eg bytta mal.
    Ser at du er godt igang med kurset, eg har og lese om ting 1 og 2, men har ikkje publisert noko meir enno. Sende deg forresten ein invitasjon på msn i dag, du finn han på gmailen din.

    SvarSlett
  2. Dette går da rett så bra, Birgitt! Du må passe på å rose deg sjølv for det du får til! Det som opplevast vanskeleg tek berre litt lenger tid. Men det kjem!

    Ein etikett er eit emneord som du sjølv sett på innlegga dine. Du kan legge inn så mange etiketter du vil på kvart innlegg. Det kjem automatisk opp ei liste over dine etiketter, og den som les bloggen din kan klikke seg inn på ein etikett og få opp alle innlegga som handlar om det temaet. Når du har skrevet fleire innlegg vil du kanskje komme til å bruke nokre av dei etikettane du tidligare har brukt. Bak kvar etikett vil det stå et tall som fortel kor mange blogginnlegg du har med den enkelte etiketten. På sikt vil det være lurt å tenke seg litt om når ein skal velje ord (lage seg et "autoritetsregister", så og si), men no i første omgang er det berre å prøve og feile!

    Prøv ut: Gå inn i ”Oversikt” og velg ”Rediger innlegg”. Klikk på ”Rediger” på det første innlegget ditt. Nedst i boksen der teksten din ligg står det: ”Etiketter” med eit tomt felt bak. Her skriv du inn meir eller mindre passande emneord, som til dømes: oppstart, blogg, 2.0, bilete (komma mellom kvart ord). Klikk på lagre, og gjer det same med dei andre blogginlegga dine. Bruk oppatt: bilete, blogg, og legg til: web2.0, (som du har lagt inn i det første innlegget ditt) og finn på fleire ord/etikettar. Lagre og gå tilbake i bloggen din for å sjå korleis det blir. Etikettane kjem inn øvst i venstre hjørne slik bloggen din er sett opp.

    Eg ser du har lagt inn Etiketter-gadgeten (eller dingsen) to gonger, men det ordnar vi i neste omgang – og då tar vi lenker samtidig. Prøv ut dette med etikettar først.

    SvarSlett