lørdag 26. desember 2009

Ting 20: E -læring 2.0




Las det som stod på kursbloggen:"Dei nye e-læringsplattformene tek i bruk wiki, blogging og podcasting og andre 2.0-teknologiar og gjer dei om til sosiale samfunn med fokus på læring. Dette legg til rette for ei heilt ny form for e-læring der læring skjer gjennom interaksjon og "samtale". Ved bruk av 2.0 teknologiar vert læring gjort meir interaktiv og praktisk. Studentar får i større grad ansvar for eiga læring og kan følge sitt eige tempo sidan studiet ikkje har nokon fastsett sluttdato. "23 ting om 2 null" er eit godt eksempel på ny type e-læring der ein utnyttar web 2.0 til å lære om web 2.0."
Las artikkelen av Richard MacManus om e-læring 2.0: ei av dei mest aktive områda for web 2.0 er e-læring:t.d. Chinese Pod (lær kinesisk) og ELGG (sosialt nettverk /software for utdanning). Steve O`Hear skreiv ein god introduksjon for e-læring 2.0 for R/WW (Read Write Web). Han peikte på at blogging, podcasting, mediadeling og sosialt nettverk er vellukka i e-læringsverda.
Micros0ft har ei rekke utdanningsprodukt. Google ser ut til å vere spesielt aktiv i utdanning mellom Internettselskapa, t.d Google for Educators = ein plattform for undervisningsressursar.
Moodle er ein gratis open-source e-læringsplattform. Liknar på Blackboard og It`s learning. Bruker 2.0 teknologiar som blog, wiki, RSS og sosialt nettverk.Såg på mgsPodcast , Læringsrelaterete blogger og ELLG. Modle er ein gratis webapplikasjon som utdannarar/ lærarar/undervisarar kan bruke for å lage effektive nettstader for nettbasert undervisning.
Registrerte meg på
Chinese Pod. Las ein del av det som stod om a) kinesiske pinyin - standarden for skriftleg kinesisk, b) kinesiske tonar- mandarin kinesisk er eit tonespråk noko som betyr at kvar stavelse har ein tone og tydinga av kvar stavelse kan endrast av hengig av tone, c) kinesiske teikn - to sett kinesiske teikn - tradisjonelle og forenkla. Forenkla teikn er standard på Chinese Pod. Osv, osv. Såg på alle fanene, oversikt, ordliste, gramatikk osv. Hørte på ulike Newbie podcastar, t.d. What`s his name? Gjekk inn på glossary og søkte på ord og uttrykk: Good morning= ZAO SHANG HOA, goodbye=ZAI JIAN. Er klar over at vi ikkje skulle lære kinesisk, men var no litt artig å sjå litt på det.
Synes det var eit veldig greitt opplegg på Chines Pod. Kunne godt tenkje meg å bruke eit liknande opplegg for å lære eit anna språk (spansk), men kinesisk ser eg ikkje grunn til å bruke krefter på.

Synes dette "23ting om 2 null kurset" har vore veldig lærerikt. Eg starta på absolutt nullpunktet og alt har vore nytt for meg. Det har kosta meg mykje tid, av og til nesten"blod, svette og tårer", og eg har nok følt meg dum mange gongar undervegs, men igjen, eg har lært veldig mykje, eller fått innblikk i veldig mykje som eg kan lære meir om seinare.

Det har av og til vore håplaust når lenker ikkje har verka , eller når eg måtte gi meg på Rollyo, men elles synes eg opplegget har vore bra.
Ikkje alt har vore like interessant for meg personleg, t.d nedlasting av musikk(kjem nok til å halde fram med å høyre på CD`ar) og Second Life (kan no vere litt artig), men eg synes det er nyttig å vite om det sjølv om eg ikkje kjem til å bruke det.
Det å kunne jobbe med det når ein vil og ikkje ha tidspress, synes eg ikkje er heilt sant. Eg for min del må gjere alt på fritida (og sikkert mange andre også) og eg har kjent litt tidspress . Samstundes synes eg det må vere tidspress elles hadde eg vel aldri vorte ferdig.Eg har heller ingen tidlegare erfaring med e-læring, men synes det er veldig kjekt, kike litt på andre sine bloggar og få kommentarar og hjelp frå kursleiar synes eg har vore ei veldig god hjelp. Må vedgå at eg har skrive ut alle"tinga". Litt trygt å ha det i papirform attmed meg medan eg held på.
E-læring er fint på den måten at ein kan ta utdanning og kurs same kvar ein bur i landet.
Veit at mange skular bruker e-læring. På Sæbø skule (og sikkert mange andre) legg dei oppgåvene på nettet og elevane løyser dei der, får kommentarar og beskjeder frå lærar. Det må no vere ein kjekk måte å lære på for ungdom.

Eg er veldig glad for at eg melde meg på dette kurset.







3 kommentarer:

  1. Du har blitt flink :-) Jeg leser ofte bloggen din. Laila

    SvarSlett
  2. Ja, du har verkeleg blitt kjempeflink, Birgitt! Eg er skikkeleg imponert over kor trottig du har jobba deg - som du seier frå "absolutt nullpunktet" til å snart ha gjennomført kurset med glans! Eg er glad for at eg har fått følge bloggen din desse vekene!

    Hilde :-))))

    SvarSlett
  3. Sjekk ut mintra.no/mintra/en/expert-community/facebook.html

    SvarSlett