lørdag 28. november 2009

Ting 11: Organiser bøkene dine




Library Thing
Originally uploaded by Hillwalker-ca


Dette var så kjekt at eg har problem med å slutte,men eg kan ikkje ta meg tid til meir.
Library Thing er ein nettstad der ein kan lage sin eigen bokkatalog, ha oversikt over bøker ein eig, bøkene ein har lese eller har lyst til å lese osv.
Tok oppdagingsturen om Library Thing: online service for å hjelpe folk til å katalogisere bøkene sine på nett. Las at det er gratis opptil 200 bøker.
Ein kan legge ut informasjonen sin, tagge bøker med eigne emneord eller bruke The Library of Congress eller Deweysystemet for å organisere boksamlinga si. Kan også ha Facbook for bøker: ein kan sjekk ut andre folk sine samlingar , sjå kven som har mest like samlingar som si eiga osv.
Library Thing vart oppretta av Tim Spalding- webutviklar frå Portland. LibraryThing er ein fin nettstad for lesarar og samlarar å møtest. Kan også ha forfattarprat her.
Tok virituell omvisning på Library Thing.
Så begynte eg på det praktiske. Klikka meg inn på http://www.library.thing.com/ og registrerte meg med eit passord og brukarnamn som eg fann på- så enkelt. La til Deichmanske bibliotek og Nasjonalbiblioteket før eg begynte å søkje opp titlar.,dvs. eg prøvde først og fekk ikkje treff, så forstod eg at eg måtte legge til norske bibliotek. Kan også bruke Norbok og Sambok sine baser.Søkte opp titlar på bøker, la til eigne emneord(sjekka ikkje om dei var autoriserte), skreiv bokmelding, endra omslag på nokre av bøkene osv. SÅ KJEKT!!
Melde meg inn i gruppa Norske Bibliotekarer.Mange andre grupper å melde seg inn i mellom anna "Litteratur på norsk "og grupper om 23 ting. Kan også melde seg ut av grupper og inn i andre.
Library Thing har ein si eiga profilside, heimeside m.m. Sjekka tag-clouden (emneordsky: viser medlemmet sine eigne emnord, emneordspegel viser korleis heile Library Thing samfunnet emnemerkar dei same bøkene). Statistikken viser priser, stader osv. der boka ein har lagt inn er nemnt.
Logga meg også inn på htttp://bokelskere.no. Veldig lettvint å logge inn der også med passord og brukarnamn ein har bestemt sjølv. La inn nokre av dei same bøkene her som på Library Thing, men skreiv ikkje omtale. På denne nettstaden skulle eg gjerne har vore lenge, men eg har ikkje tid. Ser i alle fall at dette er noko eg har lyst å gjere meir med.
Kontoen min : http://no.librarything.com/catalog/barstad
og http://bokelskere.no/Karen

Det viktigaste med desse nettstadane er at dei er så enkle at kven som helst kan bruke dei. Dette må vere noko å foreslå for våre ivrigaste lånarar/lesarar.

Så får eg prøve å legge inn eid Widget tilslutt:











1 kommentar:

  1. Veldig bra, Birgitt!

    Eg har over tid drive litt på med å registrere boksamlinga mi i LibraryThing for å ha oversikt dersom eg skulle få bruk for å rekonstruere den (laga meg eit eige system i word perfect 4.1 på slutten av 80-talet etter at ei venninne av meg mista alt ho eigde i ein brann...), men det har gått smått. Eg har vel blitt meir begeistra for ”konkurrenten” bokelskere.no. Eg synest at det sosiale er langt meir synleg og tilgjengeleg her (diskusjonar, sitat, lister…), og det å få lagt inn bøkene går aldeles smertefritt. Dvs. dersom dei allereie ligg inne i basen... Det er og nokre andre småting som klart kan bli betre, men det er lett å ta kontakt med dei to som driv nettstaden (André Nesse og Tore Renberg) og dei svarer raskt. Og vil gjerne utvikle nettstaden vidare! Eg har konvertert!

    Ein annan ting: dersom du limer inn html-koden frå LibraryThing i ein eigen gadget i Blogger som heiter HTML/JavaScript kan du leggje "Books from my LibraryThing" fast i venstremenyen din. (Nr. 3 i lista over grunnleggjande gadgeter. Det står "Legg til funksjonalitet fra tredjepart eller annen kode i bloggen din")

    Hilde :-)

    SvarSlett