mandag 30. november 2009

Ting 12: Sosiale bokmerke










Tok oppdagingsturen via kursbloggen.
Surfa litt på StumbleUpon . Der kan ein finne interessante bilde, videoar og nettstader som er basert på eigne interesser. Står oppramsa, humor, kunst, bøker osb. Haka først av på kunst og "stumbla" nokre favorittar. Det same med bøker. Kunne trykkje på "I like This", så "Share". Delinga kunne foregå via gmail, facebook, del.cio.us, osv. Logga meg ikkje inn, berre klikka og såg litt. Favortittane mine vart såleis ikkje delt med nokon.

Blinklist hoppa eg over.

Såg litt på den lenkesamlinga Buskerud fylkesbibliotek har lagt ut på Del.icio.us.
Så las eg artikkelen på Din side om Del.icio.us.Den var grei og instruktiv.
Del.icio.us er ei sosial bokmerkingsteneste for å bokmerke ei webside og legge til taggar for å kategorisere bokmerka sine.
Så klikka eg meg igjen inn på Del.icio.us og utforska så godt eg kunne. Prøvde å bruke oppskrifta frå Din side. Logga meg inn med Yahoo-adressa mi. Såg litt på kvar side/fane før eg begynte å søkje. Der er ei side/fane med Home.Der kan du sjå nye bokmerke, populære bokmerke og uforske taggar. Så er det ei fane/side for bokmerke der ein mellom anna kan klikke seg inn og sjå sine bokmerke.Så er det ei fane/side for People der ein kan klikke seg inn å sjå nettverket sitt.Så Tags, der ein kan finne taggane sine og "Subscriptions" - der ein kan abonnere på bokmerke frå brukarar ein synes er interssante. Men først må ein søkje opp og legge inn bokmerke, taggar osv. før ein kan finne igjen noko på desse sidene.
Eg søkte på barnelitteratur, ungdomsbøker, hestebøker, julebøker osv. Laga taggar, "renamed" taggar og laga "tagbundles"( slo saman eksisterande taggar til eit større emneord)."Saved" bokmerke, la til brukarar eg syntes såg bra slik at eg fekk eit nettverk.
Synes dette var greit å bruke,men av og til klikkar eg så mykje at eg lurer på kva eg har gjort.
Ein kan finne utruleg mykje som kan interessere.
Det viktigaste med Del.icious er vel det at ein får samla og systematisert bokmerka sine og at ein kan får tilgang på på dei på kva som helst PC. Det at ein vert kobla saman med andre og få utvida sin horisont er bra.
Dette kan sikkert brukast i referansearbeidet, men eg må tenkje litt på korleis eg skal få tid til å bruke alt eg lærer.

1 kommentar:

  1. Det er så bra at! Ting 12 er i boks og du er ferdig med 52 % av kurset!

    Eg veit ikkje korleis det LibraryThing-widgeten ser ut når du opnar bloggen din, men på min PC strekk den seg ut over teksten i blogginlegget. Dette kan du rette på om du hentar widgeten på nytt, men gjer følgande ting først: Klikk på widget i LibraryThing. Endre frå 3 kolonner X 3 rader til 2 kolonner X 3 rader der det står Layout. Klikk på Tilpass stil lenger nede og velg Tynn på Widget bredde. På Widget tittel størrelse veljer du Liten (80 %). Så klikkar du på Refresh heilt nederst - og får opp ein ny kode under der det står Embed this widget. Den kopierer du og limer inn i staden for den som ligg der (altså i dan gadgeten du allereie ha oppretta). Då blir det PERFEKT!

    :-)

    SvarSlett