tirsdag 5. januar 2010

Ting 23: Oppsummering






Endelig siste oppgåve!! Brukte dette bildet i eit av dei første innlegga på bloggen min og meiner det framleis er ein god illustrasjon på korleis eg har hatt det under kurset.
Som eg har skrive før, eg er veldig glad for at eg melde meg på .For meg har det vore eit innblikk i ei verd som har vore heilt ukjend for meg. Eg har prøvd og feila og sett svart på alt, men så har alt vorte så kjekt når eg har fått det til og forstått det.Alt har sjølvsagt ikkje vore vanskeleg, det har vore varierande. Trur også det har litt samanheng med kva eg synes var interessant og ikkje. Har brukt myyykje tid, men det er vel fordi alt har vore nytt, verktøy, begrep,ja det meste. Eg burde sjølvsagt ha kunna mykje av dette frå før, men PC er noko eg har brukt til katalogisering, utlån, søking etter informasjon(referansearbeid), "kontorarbeid" m.m.
At eg skulle ha noko med Facebook å gjere forskrekkar fleire enn meg, men no har eg alså meldt meg inn .
Eg har lært MYKJE, ikkje berre alle tinga vi har vore gjennom, men mykje "datatekniske" ting som eg ikkje har kunna før, t.d. legge inn lenker, kopiering og liming m.m.
Favoritt 23 ting ? Fleire. LibraryThing - det kjem eg til å bruke. YouTube og Flickr også.
"Har programmet hatt noen innvirkning på deg og dine læringsmål? Har du fått lyst å lære mer?"JA, det har eg, men no må eg ha meg ei pause. Eg må sjå meir på det vi har lært, i allefall dei tinga eg likte best.

Noko spesielt nyttig som vi har lært?
Synes det har vore veldig nyttig å lære å skrive og å redigere ein blogg.
Wiki- har tenkt på om det kunne vere lurt å bruke, men vi er så få tilsette at kanskje det er unødvendig, men det hadde vore greitt å ha for interne rutiner no når vi har ein nytilsett, sikkert vore enklare for henne.

Synes mykje har vore nyttig, ZohoWriter t.d. Vil også sjå nærare på Google docs. Podcast, fint å kunne abonnere på favorittprogram.

Elles ser eg at enkelte oppgåver hadde eg nok løyst annaleis når eg ser tilbake. Ville ikkje opppretta "Eikrems Velforeining " på Origo (heller noko "bokleg"), ville også hatt "Ting 14: "Personlige forsider " annaleis, men dette er ikkje forseint å gjere noko med. Det må vel bety at eg har lært noko at eg ved tilbakeblikk ser at ting kunne vore gjort annaleis.

"Forslag til forbedringer av kursopplegget". Det må vere å ha lenker som verkar, så slepp ein i allefall det irritasjonsmomentet. Meir norsk hadde også gjort det lettare, men det har i alle fall ført til at eg har kassert mi engelsk-norsk ordbok frå gymnaset (Damms blå 1970). Den er for gammal.
Kanskje har det vore for mange "Ting". Synes eg har logga meg inn og oppretta kontoar overalt.
No når eg er ferdig synes eg det er greitt at det var så mange ting, men undervegs ønska eg meg av og til at at det ikkje var så mange ting eg skulle gjennom.

Eg vil klart ha svart JA til eit nytt kurs, men som eg skreiv tidlegare, no må eg ha meg ei pause.
Ei snart 57-år gamal dame med bibliotekskule frå 1976 treng oppdatering om ho skal vere med i bibliotekverda vidare. Grunnen til at eg melde meg på kurset , var at eg følte at skal eg halde fram i jobben min, må eg halde meg litt oppdatert. Må ha i alle fall ha høyrt om ting, vite kva folk snakkar om i det minste.

Det har vore veldig kjekt, men det hadde vore flott å kunne få bruke litt av arbeidtida til det, men det synes eg ikkje eg har hatt tid til, i allefall ikkje på denne tid av året.

Takk for meg og takk for kurset og god hjelp undervegs, Hilde! Du er oppmuntrande!!

1 kommentar:

  1. Gratulerer Birgitt! Du har bestått kurset med glans - og vel så det! Det har vore veldig artig å følje bloggen din, og eg må seie at du verkeleg har imponert meg! Vel blåst!

    Hilde :-)

    SvarSlett