tirsdag 5. januar 2010

Bibliotek 2.0


Eg trur at 2.0 tenester kan endre samspelet mellom biblioteket og brukarane. Biblioteka må følge med og tenkje nytt om vi skal henge med i mediebildet.
Men eg trur også at det vil vere stor forskjell på bibliotek her. Det er mykje ein kan gjere i eit stort bibliotek med mange tilsette der kanskje fleire har lært dette. Verre er det i små bibliotek der det er få tilsette og kanskje berre ein har lært litt om dette. Men biblioteka har vore med på endringar før. Vi skriv ikkje lenger katalogkort og låner ikkje ut manuelt , så eg trur nok at Web 2.0 også vil gjere sitt inntog i biblioteka etterkvart, men så radikale endringar som at lokale katalogar forvinn og all søking foregår gjennom Google håper eg ikkje skjer. Har sett på Taigatesene. Eg trur at det alltid vil trengast referansebibliotekarar, men innhaldet i jobben vil nok endrast. Nokon vil alltid trenge hjelp til å finne informasjon, verte vist kvar ein kan finne informasjonen.
"Hva kan bibliotek 2.0-tjenester hjelpe oss med å oppnå som vi ikke oppnår i dag?"
Dei nye 2.o tenestene gir oss muligheit til å:
1) Nå brukarane på ein annan måte. Barn og ungdom bruker internett på ein heilt annan måte enn mange godt vaksne. Nå dei over Facebook? Har tenkt tanken på å registrere Ørsta folkebibliotek på Facebook, men trur eg må tenkje litt meir på det. Alt nytt ein begynner med tar tid. Det ser eg berre på heimesida som vi fekk i haust. Den bør oppdaterast ofte, men det tar tid.
2) Marknadsføre biblioteket på ein annan måte enn før.
Det er uendeleg muligheiter, men trur det vi har lært må "modnast " litt. Har lyst til å sette i gong både med det eine og det andre, men trur det er klokt å begynne i det små.

"Hvilke oppgaver er vi villige til å nedprioritere for å nå mål som handler om nye 2.0 tjenester?"
Det er også vanskeleg å svare på. Dei daglege gjeremåla må gjerast, bøkene må registrerast, bestillast, kasserast, det må ryddast, settast på plass osv.
Mangel på tid vert det største hinderet både til å bruke dei ting ein har lært og å følge med vidare. Men vi må på eine eller annan måte klare å ta i bruk noko av det vi har lært etterkvart eller flette det inn i ting vi allereie gjer. Tipse lånarane om nettstader dei kan finne informasjon, er ikkje det ein start?

"Hva slags 2.0 kompetanse kan brukeren forvente at bibliotekansatte har, og hvordan gjennomføre en slik kompetanseheving?"
Brukarane har krav på at vi som jobbar i bibliotek har litt datakunnskap, mellom anna om 2.o tenester. Det er pinlig å ikkje kunne hjelpe når vi har publikumsPC`ar
Vi må kontinuerlig prøve å følge med, kanskje kan vi få småkurs med jamne mellomrom ?
Det er ofte når ein verkeleg MÅ at ein klarer å følgje med. Skal ein gjer det på eigenhand, er det lett å skyve det til side til fordel for andre gjeremål.
At web.2.0 tenestene vil gjere sitt inntog i biblioteka er klart, men med ulike bibliotek vil tilbodet og bruken av slike tenester verte ulikt frå bibliotek til bibliotek.
Trur ikkje eg har meir tankar om dette no, så eg seier meg ferdig med Ting 22.

1 kommentar:

  1. Eg trur og at det vil vere bruk for oss på mange område. Maskinell utvelging og sortering av svar på spørsmål i eit uendeleg hav av informasjon - og ikkje minst DESinformasjon strekk ikkje til.

    Når det gjeld bibliotek og Facebook kan du jo bli ven med Vestnes folkebibliotek og Ålesund bibliotek og sjå litt nærare på kva dei gjer. Eg synest Vigdis på Vestnes har gjort veldig mykje bra profileringsarbeid!

    Ting 22 er avmerka!

    Hilde :-)

    SvarSlett