søndag 13. desember 2009

Ting 18: Webapplikasjonar


Zoho er eit webbasert skriveprogram. Ein har alle sine dokument online og har tilgang til dei på kva som helst PC.
Tilgjengeligheit og bruk av slike webbaserte applikasjonar (rekneark/tekstutg)
har auka voldsomt siste åra. Ved hjelp av desse verktøya kan ein lage og dele dokument på internett utan å ha installert denne type program. Fordelar med slike webbaserte publikasjonar er:
Eliminerer problem rundt ulike software versjonar eller filtyper ettersom ein sender dokumenta på e-post eller beveger seg frå PC til PC.
Ein kan veldig enkelt jobbe i same dokument og lagre dokumentet i ulike filformat som HTML og pdf.
Ein kan bruke ZohoWriter og google docs til å forfatte og publisere innlegg på bloggen.
Til det praktiske:
Eg oppretta konto på ZohoWriter(gmailadr.) så laste eg opp eit dokument frå PC`en min (Foreldremøte i barnehage).
Neste skritt var å publisere eit innlegg. Eg valde ZohoWriter, valde format, overskrift, skrifttype, skreiv dokumentet, valde"share" og "post it to blog"Eg skreiv om igjen eit innlegg vi har på heimesida vår.




Sæbø filial flyttar til skulen.


Grunna store innskrenkingar av opningstida på filialane flyttar Sæbø filial til skulen. Dette gir skulen høve til å bruke bøkene når dei måtte ønskje det. Lærarane vil få opplæring i utlån og innlevering.

Det er meiningslaust å ha innelåste bøker heile veka, så å seie, berre to opningstimar. Kombinasjonsbibliotek er det einaste fornuftige på små stader med så lite ope. Ein kan då samordne bokkjøpet og få ei betre utnytting av bokstammen.

Bokutvalet kan ikkje verte så stort som tidlegare når det gjeld vaksenlitteratur, men alle skal få den boka dei spør etter. vi oppmodar lånarane til å setje seg på venteliste, så får dei beskjed når det vert deira tur. Viser også til heimesida vår der ein kan søkje etter bøker, reservere og fornye sjølve. Vi strekkjer oss langt for at alle skal få bokønskja sine oppfylde. Gå inn på
http/www.folkebilioteket.no

Vi håper lånarane på Sæbø har forståing for flyttinga. Lokalet er sjølvsagt ikkje det beste, men vi synes det er eit avgjerande argument at bøkene er tilgjengelege for skulen og den oppveksande slekt i Hjørundfjorden.

Opningstida er no tysdag 12 -14. Den vert vurdert endra.

Skuleleiinga på Sæbø skule har vore svært positive til biblioteket.

Vi ønskjer gamle og nye lånarar velkomne og håper hjørundfjordingane bruker filialen sin!

Velkomne!!





























1 kommentar:

  1. Som eg sa på telefonen: Godt jobba - du har både forstått og gjort rett!!!

    Hilde :-)

    SvarSlett