tirsdag 8. desember 2009

Ting 17: Origo - norsk utvikla møtestad for debatt og samarbeid



Norskutvikla verktøy for "meningsbryting, samarbeid og kos i norske byer og lokalsamfunn". Det er ein møtestad for folk med felles interesser. Kvar sone har si eiga framside der medlemmane kan blogge bilde, dele bilde, legge ut artiklar osv.
Samarbeid ved hjelp av Origo er spesielt eigna
a) for grupper som er så store at det er vanskeleg å samle dei på ein stad
b)geografisk spreidde grupper
c) laust definerte grupper som t.d. eit burettslag der folk flyttar ut og inn, foreldregrupper i ulike lag der folk vert skifta ut med jamne mellomrom . Det gjeld forresten alle lag og organisasjonar. Folk vert skifta ut, men med Origo har alle tilgang på historikken , kva som har skjedd før, kva som er gjort osv. Med samarbeid i ei origosone får alle lett oversikt over aktiviteten, kan sjå bakover i historikken , legge ut nye artiklar/forslag til aktivitetar og vite at dei som er engasjert i arbeidet ser kva som skjer. Ei sone har verktøy for å snakke saman og organsere aktivitet t..d kalendar for aktivitet.
Eg logga meg inn, la inn litt om meg sjølv, alder, yrke, bilde, interesser(veldig lite), valde lokalsamfunn: plasserte markøren på kartet. Prøvde å finne ei fast lokalsone, men fann inga som høyrde til det område eg hadde klikka med inn på kartet. Prøvde å finne ei sone for nærliggande område, men fann inga som eg syntes var nær nok.
Så klikka eg på"finn soner", søkte på litteratur og melde meg inn i sonene:"Lese bøker" og "Litteratur i Vestfold" Så inviterte eg ein venn til å vere med i Origo.no, men har ikkje fått svar. Søkte etter folk og brukte mange "bibliotekarnamn", men fann ingen.
Eg oppretta eiga sone og kalla den "Eikrem Velforeining", valde mal og at den skulle vere open for alle som ville melde seg inn og skreiv litt om sona.
Veit ikkje om eg har gjort nok på denne oppgåva, men synes det viktigaste er vel å orientere seg , vite at origo finst og utvikle sida si, opprette eller melde seg inn i fleire soner ved behov.Slik er det vel med alt på dette kurset.
Trur eg må seie meg ferdig med Origo.

1 kommentar:

  1. Du kan med godt samvit seie deg ferdig med Origo!

    Eg fann deg der og har invitert deg inn i "kretsen" min som til no har bestått av ein person... Eg fann heller inga lokalsone eg kunne knyte meg til. Men det ser ut til at nordmøringane er langt meir aktive på Origo enn sunnmøringane. Tidens Krav har ei kobling til Origo, og Kristiansund bibliotek nytter TK/Origo til annonsering av arrangement på biblioteket. (Men slik annonsering er det jo lite vits i i område der ingen er medlem...)

    Hilde ;-)

    SvarSlett