tirsdag 5. januar 2010

Second Life


Var innom Norgesbiblioteket etter invitasjon frå Hillametta Huntress. Ingen problem med å kome dit, men eg , Karen Barinaux, fann ikkje vegen til vikingane. Eg var innom ein eventyrskog.
Denne oppgåva har eg gjort før, men hadde lyst å sjå korleis det gjekk i kveld også, men kom altså ikkje dit eg skulle.

Ting 23: Oppsummering






Endelig siste oppgåve!! Brukte dette bildet i eit av dei første innlegga på bloggen min og meiner det framleis er ein god illustrasjon på korleis eg har hatt det under kurset.
Som eg har skrive før, eg er veldig glad for at eg melde meg på .For meg har det vore eit innblikk i ei verd som har vore heilt ukjend for meg. Eg har prøvd og feila og sett svart på alt, men så har alt vorte så kjekt når eg har fått det til og forstått det.Alt har sjølvsagt ikkje vore vanskeleg, det har vore varierande. Trur også det har litt samanheng med kva eg synes var interessant og ikkje. Har brukt myyykje tid, men det er vel fordi alt har vore nytt, verktøy, begrep,ja det meste. Eg burde sjølvsagt ha kunna mykje av dette frå før, men PC er noko eg har brukt til katalogisering, utlån, søking etter informasjon(referansearbeid), "kontorarbeid" m.m.
At eg skulle ha noko med Facebook å gjere forskrekkar fleire enn meg, men no har eg alså meldt meg inn .
Eg har lært MYKJE, ikkje berre alle tinga vi har vore gjennom, men mykje "datatekniske" ting som eg ikkje har kunna før, t.d. legge inn lenker, kopiering og liming m.m.
Favoritt 23 ting ? Fleire. LibraryThing - det kjem eg til å bruke. YouTube og Flickr også.
"Har programmet hatt noen innvirkning på deg og dine læringsmål? Har du fått lyst å lære mer?"JA, det har eg, men no må eg ha meg ei pause. Eg må sjå meir på det vi har lært, i allefall dei tinga eg likte best.

Noko spesielt nyttig som vi har lært?
Synes det har vore veldig nyttig å lære å skrive og å redigere ein blogg.
Wiki- har tenkt på om det kunne vere lurt å bruke, men vi er så få tilsette at kanskje det er unødvendig, men det hadde vore greitt å ha for interne rutiner no når vi har ein nytilsett, sikkert vore enklare for henne.

Synes mykje har vore nyttig, ZohoWriter t.d. Vil også sjå nærare på Google docs. Podcast, fint å kunne abonnere på favorittprogram.

Elles ser eg at enkelte oppgåver hadde eg nok løyst annaleis når eg ser tilbake. Ville ikkje opppretta "Eikrems Velforeining " på Origo (heller noko "bokleg"), ville også hatt "Ting 14: "Personlige forsider " annaleis, men dette er ikkje forseint å gjere noko med. Det må vel bety at eg har lært noko at eg ved tilbakeblikk ser at ting kunne vore gjort annaleis.

"Forslag til forbedringer av kursopplegget". Det må vere å ha lenker som verkar, så slepp ein i allefall det irritasjonsmomentet. Meir norsk hadde også gjort det lettare, men det har i alle fall ført til at eg har kassert mi engelsk-norsk ordbok frå gymnaset (Damms blå 1970). Den er for gammal.
Kanskje har det vore for mange "Ting". Synes eg har logga meg inn og oppretta kontoar overalt.
No når eg er ferdig synes eg det er greitt at det var så mange ting, men undervegs ønska eg meg av og til at at det ikkje var så mange ting eg skulle gjennom.

Eg vil klart ha svart JA til eit nytt kurs, men som eg skreiv tidlegare, no må eg ha meg ei pause.
Ei snart 57-år gamal dame med bibliotekskule frå 1976 treng oppdatering om ho skal vere med i bibliotekverda vidare. Grunnen til at eg melde meg på kurset , var at eg følte at skal eg halde fram i jobben min, må eg halde meg litt oppdatert. Må ha i alle fall ha høyrt om ting, vite kva folk snakkar om i det minste.

Det har vore veldig kjekt, men det hadde vore flott å kunne få bruke litt av arbeidtida til det, men det synes eg ikkje eg har hatt tid til, i allefall ikkje på denne tid av året.

Takk for meg og takk for kurset og god hjelp undervegs, Hilde! Du er oppmuntrande!!

Bibliotek 2.0


Eg trur at 2.0 tenester kan endre samspelet mellom biblioteket og brukarane. Biblioteka må følge med og tenkje nytt om vi skal henge med i mediebildet.
Men eg trur også at det vil vere stor forskjell på bibliotek her. Det er mykje ein kan gjere i eit stort bibliotek med mange tilsette der kanskje fleire har lært dette. Verre er det i små bibliotek der det er få tilsette og kanskje berre ein har lært litt om dette. Men biblioteka har vore med på endringar før. Vi skriv ikkje lenger katalogkort og låner ikkje ut manuelt , så eg trur nok at Web 2.0 også vil gjere sitt inntog i biblioteka etterkvart, men så radikale endringar som at lokale katalogar forvinn og all søking foregår gjennom Google håper eg ikkje skjer. Har sett på Taigatesene. Eg trur at det alltid vil trengast referansebibliotekarar, men innhaldet i jobben vil nok endrast. Nokon vil alltid trenge hjelp til å finne informasjon, verte vist kvar ein kan finne informasjonen.
"Hva kan bibliotek 2.0-tjenester hjelpe oss med å oppnå som vi ikke oppnår i dag?"
Dei nye 2.o tenestene gir oss muligheit til å:
1) Nå brukarane på ein annan måte. Barn og ungdom bruker internett på ein heilt annan måte enn mange godt vaksne. Nå dei over Facebook? Har tenkt tanken på å registrere Ørsta folkebibliotek på Facebook, men trur eg må tenkje litt meir på det. Alt nytt ein begynner med tar tid. Det ser eg berre på heimesida som vi fekk i haust. Den bør oppdaterast ofte, men det tar tid.
2) Marknadsføre biblioteket på ein annan måte enn før.
Det er uendeleg muligheiter, men trur det vi har lært må "modnast " litt. Har lyst til å sette i gong både med det eine og det andre, men trur det er klokt å begynne i det små.

"Hvilke oppgaver er vi villige til å nedprioritere for å nå mål som handler om nye 2.0 tjenester?"
Det er også vanskeleg å svare på. Dei daglege gjeremåla må gjerast, bøkene må registrerast, bestillast, kasserast, det må ryddast, settast på plass osv.
Mangel på tid vert det største hinderet både til å bruke dei ting ein har lært og å følge med vidare. Men vi må på eine eller annan måte klare å ta i bruk noko av det vi har lært etterkvart eller flette det inn i ting vi allereie gjer. Tipse lånarane om nettstader dei kan finne informasjon, er ikkje det ein start?

"Hva slags 2.0 kompetanse kan brukeren forvente at bibliotekansatte har, og hvordan gjennomføre en slik kompetanseheving?"
Brukarane har krav på at vi som jobbar i bibliotek har litt datakunnskap, mellom anna om 2.o tenester. Det er pinlig å ikkje kunne hjelpe når vi har publikumsPC`ar
Vi må kontinuerlig prøve å følge med, kanskje kan vi få småkurs med jamne mellomrom ?
Det er ofte når ein verkeleg MÅ at ein klarer å følgje med. Skal ein gjer det på eigenhand, er det lett å skyve det til side til fordel for andre gjeremål.
At web.2.0 tenestene vil gjere sitt inntog i biblioteka er klart, men med ulike bibliotek vil tilbodet og bruken av slike tenester verte ulikt frå bibliotek til bibliotek.
Trur ikkje eg har meir tankar om dette no, så eg seier meg ferdig med Ting 22.

onsdag 30. desember 2009

Ting 21: Web 2.0 Awards


Her var det mykje nytt. Synes eg har lært og vore bort i mykje i løpet av dette kurset, men det fører berre til at eg ser kor mykje meir eg har å lære. Tok oppdagingsturen på Web 2.0 Awards.
Her var det 41 kategoriar å velje i, så her måtte eg gjere eit utval.
Ser at det er fem punkt som inngår i vurderinga: Brukarvennligheit, nytte, sosiale aspekt, brukargrensesnitt og design samt kvaliteten av innhaldet.
Eg synes ikkje eg kan svare på om det er rett ting som har vunne. Eg har for lita erfaring til å bedømme det, men kan sjå om det er noko av det eg liker eller kjenner til som står på lista.
Eg såg på Award-kategoriane:Bookmarking, Books, Genealogy, Photos and Digital Images, Video, News and blogg Guides og Collaborate Writing and Word Processing m.m
Gjekk innpå vinnarlista http://www.seomoz.org/web.20/short:

Bookmarking: Del.icio.us fekk førsteplassen her. Det kan eg vere einig i utifrå at eg sjølv likte det godt.Stumble Upon fekk andreplassen. Eg likte også denne godt og ser at trass i 2.plassen får den 5 stjerner i brukarvennligheit og brukargrensesnittog design - Deli.cio.us får her 4 stjerner, men Del.icio.us skåra høgare på nytte, sosiale aspekt og kvalitet på innhald.

Bøker: Her såg lista slik ut:1.Lulu, 2. Biblio.com og 3. VuFind. Kjende ikkje til nokon av desse, men eg vil sjå nærare på Vufind sidan den var spesielt utforma for bibliotek.

Slektsforsking: Såg på det sidan vi har ein del lånarar som er interessert i det og då kan det vere greitt i allefall å vite kva dei snakkar om eller kunne tipse dei som ikkje veit om det.
1. MyHeritage - det leiande familenettverket på internett, men eg kan ikkje bedømme det.
2. Geni - gratis, privat forum for medlemmane til å lage eit familietre og slektshistorie. Trur eg vil sjå nærare på dette.
Bilder og digitale bilder:1. Flickr - sjølvsagt. Har ei stor samling bilde. Eg likte det veldig godt. Det kjem eg til å bruke i biblioteksamanheng, Mine personlige bilde vil eg ha for meg sjølv. Er sikkert gamaldags, men har litt motvilje mot å legge dei ut på nettet.
2. Picnic - online fotoeditor med mange artige funksjonar - kan bruke det til å redigere og forbetre bilde på datamaskinen. Fall også i min smak.

Video: 1. plass YouTube - verdas beste samling av videoar på nettet står det. Her er opptak av nær sagt alt. Kan laste opp eigne videoar eller velje frå den enorme samlinga og legge inn videoar på eiga nettside eller blogg. YouTube hadde eg verkelge sansen for.

News og blogg Guides:1. plass Google. Ser at den skårar mest på brukarvennlegheit, brukargrensesnitt og design, ingenting på sosiale aspekt.
2.Bloglines - den skårar mest på nytte og kvalitet på innhald.

Tilslutt såg eg på Collaborate Writing and Word Processing: Google docs
kom her nr. 1 , nr. 2 vart ABC Writeboard og Think Free nr. 3. Dei to siste kjenner eg ikkje til i det heile tatt.
Klarte ikkje å stoppe likevel, så eg såg på Social nettworking: Her kom Twitter framfor Facebook. Veit ikkje kva som ligg bak vurderinga, men Faceboook og Twitter har vel litt ulike funksjonar slik at dei ikkje er heilt samanliknbare. (utifrå det eg har lese) Har registrert meg på Facebook (utruleg, hadde ikkje skjedd utan dette kurset) Twitter har eg aldri brukt.
Såg på Startpages: 1. Netvibes kom på 1.plass. Har vore bort i den, men vil sjå meir på på den. 2.plass iGoogle.
Var også innon Education og der såg eg ein nettstad som kom på 3.plass:Spanish pod. Den vil eg sjå på.
Såg også på IDG.no/Computerword. og såg kva for webtenester som vart kåra som dei beste frå ein norsk ståstad.Ser at ZohoWriter er kåra til vinnar framfor Google
når det gjeld kategorien tekstbehandling. Eg hadde tenkt å sjå meir på Google docs sidan eg har høyrt mykje skryt om den.Think Free er heilt ukjent for meg.
Del.icio.us er kåra til beste når det gjeld bokmerkeorganisatorar også her.

Saknar LibraryThing. Eg kjem til å bruke http://www.bokelskere.no/, sidan eg fekk vite at den var betre, men LibraryThing- den likte eg.
Eg synes det beste med denne oppgåva (Ting 21) er at eg har fått vite om eit hav av nettstader som eg ikkje har kjent til frå før. Nokre få har eg lista opp som eg vil sjå nærare på, men den lista kan verte uendeleg lang etterkvart. Eg har idet heile tatt fått opna augene endå meir for alt eg kan lære meir om, men først vil eg gå gjennom bloggen min å repetere det eg har lært hittil.
Liste over det eg vil sjå nærare på på venste side i bloggen:

lørdag 26. desember 2009

Ting 20: E -læring 2.0




Las det som stod på kursbloggen:"Dei nye e-læringsplattformene tek i bruk wiki, blogging og podcasting og andre 2.0-teknologiar og gjer dei om til sosiale samfunn med fokus på læring. Dette legg til rette for ei heilt ny form for e-læring der læring skjer gjennom interaksjon og "samtale". Ved bruk av 2.0 teknologiar vert læring gjort meir interaktiv og praktisk. Studentar får i større grad ansvar for eiga læring og kan følge sitt eige tempo sidan studiet ikkje har nokon fastsett sluttdato. "23 ting om 2 null" er eit godt eksempel på ny type e-læring der ein utnyttar web 2.0 til å lære om web 2.0."
Las artikkelen av Richard MacManus om e-læring 2.0: ei av dei mest aktive områda for web 2.0 er e-læring:t.d. Chinese Pod (lær kinesisk) og ELGG (sosialt nettverk /software for utdanning). Steve O`Hear skreiv ein god introduksjon for e-læring 2.0 for R/WW (Read Write Web). Han peikte på at blogging, podcasting, mediadeling og sosialt nettverk er vellukka i e-læringsverda.
Micros0ft har ei rekke utdanningsprodukt. Google ser ut til å vere spesielt aktiv i utdanning mellom Internettselskapa, t.d Google for Educators = ein plattform for undervisningsressursar.
Moodle er ein gratis open-source e-læringsplattform. Liknar på Blackboard og It`s learning. Bruker 2.0 teknologiar som blog, wiki, RSS og sosialt nettverk.Såg på mgsPodcast , Læringsrelaterete blogger og ELLG. Modle er ein gratis webapplikasjon som utdannarar/ lærarar/undervisarar kan bruke for å lage effektive nettstader for nettbasert undervisning.
Registrerte meg på
Chinese Pod. Las ein del av det som stod om a) kinesiske pinyin - standarden for skriftleg kinesisk, b) kinesiske tonar- mandarin kinesisk er eit tonespråk noko som betyr at kvar stavelse har ein tone og tydinga av kvar stavelse kan endrast av hengig av tone, c) kinesiske teikn - to sett kinesiske teikn - tradisjonelle og forenkla. Forenkla teikn er standard på Chinese Pod. Osv, osv. Såg på alle fanene, oversikt, ordliste, gramatikk osv. Hørte på ulike Newbie podcastar, t.d. What`s his name? Gjekk inn på glossary og søkte på ord og uttrykk: Good morning= ZAO SHANG HOA, goodbye=ZAI JIAN. Er klar over at vi ikkje skulle lære kinesisk, men var no litt artig å sjå litt på det.
Synes det var eit veldig greitt opplegg på Chines Pod. Kunne godt tenkje meg å bruke eit liknande opplegg for å lære eit anna språk (spansk), men kinesisk ser eg ikkje grunn til å bruke krefter på.

Synes dette "23ting om 2 null kurset" har vore veldig lærerikt. Eg starta på absolutt nullpunktet og alt har vore nytt for meg. Det har kosta meg mykje tid, av og til nesten"blod, svette og tårer", og eg har nok følt meg dum mange gongar undervegs, men igjen, eg har lært veldig mykje, eller fått innblikk i veldig mykje som eg kan lære meir om seinare.

Det har av og til vore håplaust når lenker ikkje har verka , eller når eg måtte gi meg på Rollyo, men elles synes eg opplegget har vore bra.
Ikkje alt har vore like interessant for meg personleg, t.d nedlasting av musikk(kjem nok til å halde fram med å høyre på CD`ar) og Second Life (kan no vere litt artig), men eg synes det er nyttig å vite om det sjølv om eg ikkje kjem til å bruke det.
Det å kunne jobbe med det når ein vil og ikkje ha tidspress, synes eg ikkje er heilt sant. Eg for min del må gjere alt på fritida (og sikkert mange andre også) og eg har kjent litt tidspress . Samstundes synes eg det må vere tidspress elles hadde eg vel aldri vorte ferdig.Eg har heller ingen tidlegare erfaring med e-læring, men synes det er veldig kjekt, kike litt på andre sine bloggar og få kommentarar og hjelp frå kursleiar synes eg har vore ei veldig god hjelp. Må vedgå at eg har skrive ut alle"tinga". Litt trygt å ha det i papirform attmed meg medan eg held på.
E-læring er fint på den måten at ein kan ta utdanning og kurs same kvar ein bur i landet.
Veit at mange skular bruker e-læring. På Sæbø skule (og sikkert mange andre) legg dei oppgåvene på nettet og elevane løyser dei der, får kommentarar og beskjeder frå lærar. Det må no vere ein kjekk måte å lære på for ungdom.

Eg er veldig glad for at eg melde meg på dette kurset.







lørdag 19. desember 2009

Ting 19: Virtuelle verdener













Virtuelle verdner - simulert verkelegheit der ein omgåast andre ved å opprette ein avatar .Her er målet å treffe venner og omgå dei i ulike sosiale samanheng: på konsert, utstilling osv." Ein avatar er ein datamaskinbrukar representasjon av sjølv eller alter ego, enten i form av ein tredimensjonell modell som vert brukt i dataspel, eller eit todimensjonalt ikon som vert brukt på internettforum eller andre miljø m.m".(Wikipedia), dvs. ein person(figur) ein klikkar seg innpå, vel namn og utsjånad .
Vanlegvis har ein kommunisert med andre ved å chatte. No vert det stadig vanlegare med stemmebasert kommunikasjon.
MMORG "massive multiplayer online role - playing game".Liknar på tradisjonelle dataspel i rollespelsjangeren. Ein får oppdrag som må løysast, og ein tener pengar og erfaringspoeng. Må i stor grad løyse oppgåver i samarbeid med andre spelarar for å gjere framskritt. Det største i dag er World of Warcraft. Las om dette på Wikipedia- Ser at for å spele dette på internett må ein abonnere på speletid eller kjøpe 60 dagars spelekort. Den første månaden er gratis. -Blizzard Entertainment har 1200 tilsette for å utvikle spelet.Ser at World of Warcraft har fått sterk kritikk for å vere avhengigheitsskapande.

Etter mykje strev greidde eg å opprette ein brukar på Second Life. Trudde det var passordet eg gjorde feil med, så eg prøvde med mange forskjellige. Om kvelden fekk eg melding frå Heidi Holen at ho hadde funne ut at lenka ikkje virka.
Ho skreiv at eg måtte gå inn på http://www.secondlife.com/. Det gjorde eg (Arnhild ordna ut for meg, eg var så lei)). Så gløymde eg å aktivere kontoen, så eg måtte starte på nytt. Alt gjekk veldig lett og greitt då, så dette trøbbelet eg hadde i starten må ha vore"sjølvlaga" sjølvom lenka ikkje verka. Neste trøbbel var at eg gløymde å laste ned Second Life. Ikkje så lett alt når ein ikke les skikkeleg, men tilslutt gjekk alt bra. Eg hadde litt motvilje mot denne oppgåva, så eg trur nok det har verka inn.
Eg heiter altså no Karen Barineaux på Second Life og ser elegant ut(tenk om det var verkeleg).


Eg gjekk inn på dei ulike fanene og såg diverse videoar som forklarte korleis ting skulle gjerast.
Utsjånaden til Karen Barineaux vart endra, fiksa på nasa, fekk på jakke osv. Så skaffa eg meg ein venn, Mika Overland, og fekk positivt svar frå han. Veit ikkje kva vi skal finne på saman, men vi kan reise, shoppe, gå på forskjellige "events" osv. Prøvde å shoppe(åleine) søkje på dress, valde ut Place IRIGHT-FASHION, klikka på teleport, men då stoppa det opp, det same når eg søkte på car og valde ut MERCEDES BENZ, stoppa opp når eg klikka på teleport. Hadde eg kome inn kunne eg ha fullført kjøpet (Second Life) Idet heile teke er det eit hav av muligheiter på Second Life.Eg kunne ha "vore der" i timesvis, ja dagevis, men synes ikkje eg kan bruke meir tid på dette. Eg har sett litt på det og fått litt peiling. Trur eg på seie meg ferdig med Second Life sjølv om eg ikkje har gjort så mykje, men eg synes det er greitt å ha fått eit innblikk. Det vert aldri "mi verd" uansett, sjølvom det sikkert er kjekt for dei som er opptekne av dette. Får sjå kva som skjer etter fylte 62.


Var innom InfoIsland.

Har notert meg den nye boka om online rollespel ogvirtuelle verdener av Kalle Gjesvik("Lek eller alvor")som var den første boka Norgesbiblioteket lanserte i Second Life.




mandag 14. desember 2009

Ting 18: Webapplikasjonar - igjen.






PERSONALMØTE ONSDAG 16.DESEMBER


Møtet startar kl.9.

1. Opningstider i jula

2.Opningstider på filialane,skal vi endre eller køyre med den same fram til sommaren??

3.Bokkjøp til filialane?

4.Tilsetjing av ny bibliotekar. Eventuell vikarordning fram til vedkomande kan begynne.

5.Fordeling av arbeidoppgåver, ulike "ryddeområder"?

6. Heimesida, e-post m.m.

7. Morgon og kveldsrutiner

8. Julebord og avslutning for Arnhild





Som eg sa, Hilde, følte eg meg ikkje heilt ferdig. Sidan eg måtte skrive nokre punkt til personalmøte, skreiv eg det like godt i ZohoWriter, publiserte det på bloggen og maila det til Ørsta folkebibliotek. Såg gjennom"Tabbed Toolbar" , oversikt over alle verktøya i ZohoWriter, deling, eksportering, importering osv."Template Library" - liste over malar synes eg var interessant. Det var den eg meinte/snakka om i telefonen. Såg på Google Docs at der også er oversikt over ferdige malar og der er det berre å klikke på "Bruk denne malen".
Etter å ha sett på ZohoWriter ein gong til føler eg meg litt sikrare. Skal sjå meir på Google maps ved høve.